Alt har peika fram mot eit stramt budsjett for Surnadal kommune – men det er brei semje i formannskapet om å behalde Kvanne brannstasjon.

Forslaga både frå Arbeidarpartiet og frå samarbeidspartia Senterpartiet, Høgre og Kristeleg Folkeparti går på å behalde Kvanne brannstasjon – heilt sikkert til blanda kjensler frå rådmann Knut Haugen som sjølv bur på Kvanne, men som i si tilråding har gått inn for å spare 350.000 kroner på å legge ned brannstasjonen.

Surnadal kommune har ikkje mykje å gå på med tanke på at budsjettframlegget frå rådmannen går på å spare rundt 9 millionar.

Rådmann Knut Haugen spurte einingsleiarane til råds – og fekk tilbake planar for nye innsparingar på 9,4 millionar.

Rådmannen rosar einingsleiarane for å takle ei tøff utfordring og ta grep når det trengst.

Medrekna dei innsparingane som tidlegare var berekna å ta med ostehøvel, sat ein att med ei brutto innsparing på drygt 13 millionar.

Men så måtte ein gå inn og vurdere lovlegheita og tidlegare vedtak, noko som medførte at rådmannen måtte utvide rammene med 4,3 millionar att.

Ikkje fond til lønn

Dermed sit kommunen att med ei netto innsparing på rundt 8,9 millionar. Dette gir eit knapt overskot på kr 164.000 og eit budsjett i balanse.

I budsjettframlegget ligg det blant anna at rådmannen ser seg nøydd til å ta 500.000 kroner frå næringsfondet til lønn for dei som jobbar med næring i kommunen.

Samarbeidspartia vil ikkje vere med på å ta meir midlar frå næringsfondet til lønn, og foreslår å ta dette ut av budsjettet.

Arbeidarpartiet går for at administrasjonen må sjå på denne problematikken i første halvdel av 2017 for å auke dei frie midlane til konkrete næringsutviklingstiltak.

Samarbeidspartia vil sikre Surnadal mot å kome på Robek-lista, og vil ta ein streng gjennomgang på bruk av eksterne rådgivarar og konsulentar.

Kathrine Mauset (H) er òg klar på at tilbakeføring av midlar som ufrivillig småkommune ikkje skal rørast, men settast på fond. Her er Ap litt meir på glid.

Tek inn att tenester

Mauset meiner ein må tole å ta upopulære val, og at ein må sjå grundig på drifta av kommunen kvar det kan vere muleg å spare.

Privatisering av kommunale vegar står framleis på lista, og dei minner om tidlegare vedtak som ikkje har vore gjennomført.

Samtidig som samarbeidspartia går for å kutte tilsvarande åtte årsverk, går dei for å ta inn att 100.000 for å behalde sommaropne barnehagar.

Helge Røv (Ap) meiner det er urovekkande at ein ikkje har ressursar til psykologitenester i kommunen – noko som også ligg i føringar frå regjeringa at kommunane skal satse meir på rusomsorg for barn og unge. Forslaget går på at kommunestyret ber administrasjonen sjå på mulegheitene for å styrke skulehelsetenesta.

Ap meiner også at om tiltaka i bustadpolitisk handlingsplan skal kunne realiserast, vil det vere krevjande med reduksjon av vaktmeistertenestene. Administrasjonen må kome tilbake med sak i løpet av komande år med forslag om korleis misforhold mellom plan og eventuell reduksjon av vaktmeistertenester kan løysast.