Dette er ein enkel samkome med utveksling av erfaring og inspirasjon som er svært nyttig for frivillig aktivitet i kommunen. Sist tysdag samlast i underkant av tjue eldsjeler seg i Frivilligsentralens lokale i Eidsvåg. Hovudsakene på møtet var rekruttering til aktivitet og det å ta ansvar for aktivitet. Mange lag har fallande medlemstal og manglar aktive som kan ta ansvar som styreverv og liknande.

I staden for å problematisere var det denne kvelden lagt vekt på å dra fram positive erfaringar og å få tips frå andre om gode måtar å arbeide på. Alle som deltek i frivillig arbeid gjer dette av interesse og vilje til å skape positive aktivitetar og trivsel i bygda og nærmiljøet.

Suksesshistorier

Tre lag fekk presentere sine suksesshistorier.

Nesset bygdekvinnelag er eit lag med få medlemmer som har som formål å ta vare på tradisjonar og gode verdiar i bygdesamfunnet. Sissel Ebbesen kunne fortelje at dei hadde lykkast med å lage bygdekveldar med ulike tema og dei deltar aktivt for eksempel på julemarknad og liknande. Dei har invitert inn ny-tilflytta med ulik kulturell og språkleg bakgrunn med stort hell. Det er høg aktivitet, travelt og givande. Spesielt lærerikt å utveksle kunnskap med folk ifrå andre kulturar.

Gussiås bygdelag feirar i 2016 40 år. Dei har dette året teke mål av seg til å ha 40 arrangement i bygda med ca. 70 fastbuande. Det har dei greidd! Bygdelaget har ansvar for to forsamlingshus der sosialt samvær og trivsel for alle aldrar står høgt. Alle hjelper til og alle set pris på heimbygda si.

Eidsvåg ungdomslag driftar ungdomshuset Bergtun der det meste av aktiviteten føregår. Laget har ei meir enn 100 årig historie med amatørteater som ein av dei store aktivitetane. I tillegg er det bygdekino og andre arrangement for ungdom i bygda. Bergtun har i alle år vore Eidsvåg si storstue.

Kva føregår i Nesset?

Mange etterlyser meir opplysning og kunngjering av arrangement og aktivitetar som føregår i dei ulike bygdene i kommunen. Kommunen sender ut oversikt på papir, «blå-arket» Det skjer, ein gong i månaden. Det er og aktivitetskalender på heimesida til Nesset kommune under fana Det skjer. Det som ser ut til å treffe flest er kunngjeringar via Facebook. Det er oppretta ei felles side med namnet Offentlige arrangement og aktivitetar i Nesset. Initiativtakar Arild Høsteng ønskjer alle velkomen til å bruke den til si plakattavle. Det er ei open side der alle kan legge inn sine arrangement, treningar, klubbkveldar og alt som du meiner andre bør vite om av aktivitet. Kommunen og frivilligsentralen kan og hjelpe til med opplysningar om kontaktinformasjon til ulike aktivitetar og tiltak.

Kommunen og frivilligsentralen arbeider i tillegg med å utarbeide ein kulturkalender for heile året 2017. Her er det tenkt at mest mogleg av publikumsarrangement skal kunne publiserast. Formålet er å gjere arrangementa kjent og å unngå uheldige kollisjonar. For at den skal bli så dekkande som mogleg er dei avhengige av at laga melder inn sin tiltak til enten frivilligsentralen eller kommunen. Arbeidet er i god gang og oppmodinga om å dele informasjon er med dette formidla.

Tekst og foto: Turid Leirvoll Øverås