Frå og med 1. mai 2017 vil FRAM Ekspress rute 905 begynne å køyre mellom Molde/Kristiansund og Trondheim via E39 over Hemnekjølen, på nokre av avgangane.

Dette vil ikkje gå utover rutetilbodet via Surnadal.

- Det nye tilbodet via E39 over Hemnekjølen vil gå med ein avgang dagleg, med unntak av laurdag. Samstundes vil det vere to avgangar i begge retningar på fredagar, seier Frode Kvalheim i Møre og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding.

- I tillegg vil ein av avgangane køyre gjennomgåande heile vegen frå Ålesund til Trondheim, og tilsvarande frå Trondheim til Ålesund. Det betyr at du reiser med same bussen på heile strekninga. Denne vil køyre kvar dag, bortsett frå på laurdagar, fortel Kvalheim.

- Vi gjer merksam på at det kan komme nokre justeringar på tidene før vi startar opp frå mai, avsluttar Kvalheim.

Det nye tilbodet blei vedtatt i samferdselsutvalet 5. desember.