For høvet var kora forsterka med solistar og orkester utafrå – Både Astrid Hyldbakk, Torunn Kroknes, Marie Skjerdal og Sigrid Vetleseter Bøe var med og dro korsongen til nye høgder. Når ein i tillegg fekk med orkester og pianist Tor Strand så fekk iallfall publikum skikkeleg valuta for billettpengane.

Mykje av programmet var henta frå den ferske CD’n som kora har lansert føre jul, og det vart ei skikkeleg høgtidsstund i kyrkje denne ettermiddagen.

I orkesteret var det Marthe B. Stavrum (fløyte), Ebba Ringmar (obo), fiolinistane Trond H. Saltvik og Odd Sonntag og Anna Ostachowska (bratsj) som deltok.

Det var nok travelt å være dirigent for Bernt Bøe denne dagen, for etterpå gikk turen til Åsskard kyrkje og full konsertforestilling seinare på kvelden.