2. juledag var det tradisjonell juletrefest på Mo oppvekstsenter med musikalsk underhaldning med både song og korpsmusikk, gang rundt juletreet, loddsal og nissebesøk - og sjølvsagt eit bugnande kakebord.

I fjor var det knapt plass å oppdrive rundt borda i gymsalen på Mo, mens det var litt meir glissent i år. Dette skuldast visst nok at det er mykje smittsam sjukdom ute og går i desse dagar.

Men dei som var der, hadde det i alle fall triveleg. Skuleelevane framførte to songar som er skrive av Gøran Bolme - Juletrefest i Dønheim bedehus og Øverbøgdjul. Han var sjølv med og akkompagnerte på gitar.

Aspirantar og litt meir vidarekomne i Mo skulekorps framførte Bjelleklang og Deilig er jorden der dei inviterte til allsong i tillegg. Musikalsk leiar var Erik Moen.

Eit velfylt matbord venta ute i skulens fellesområde, og gevinstbordet var også velfylt. Sidan det ikkje var så mykje folk, såg det ut til at dei aller fleste fann lodd i konvoluttane sine.

Tove Mogstad trakterte tangentane til gong rundt juletreet, og spela også inn nissane som avslutning på juletrefesten. Så er det berre eit heilt år til neste gong, og berre å begynne å gle seg.

Meir juletrefest får vi i papiravisa på onsdag. Send gjerne inn bilde til redaksjon@driva.no, så kanskje de får dei med i avisa.