Det seiast at det er krevjande å bli profet i eige land. Dette ser ikkje ut til å stemme for Sigrid Vetleseter Bøe.

Ho trivst veldig godt med å kome til Nordmøre og synge for sine eigne.

– For meg vil Bøfjorden alltid vere heime, og eg blir så glad når folk kjem på arrangement der eg opptrer, seier ho.

Og nordmøringane set tydelegvis pris på at ho er heimekjær og gjerne tek turen frå Stockholm for å synge i Åsskard kyrkje, i Bøfjorden grendahus, i Stangvik kyrkje og Surnadal kulturhus eller andre stader i omlandet som blir rekna som heimebane for henne.

Drivas lesarar har i alle fall kåra henne til Årets Drivanamn med god margin. Og det betyr nok at ho har fått stemmer frå det meste av lesarkretsen.

– Kva betyr det for deg at lesarane har stemt på deg?

– Det er kjempeartig. Eg vart så glad, og la det ut på Facebook tvert då eg fekk vite at eg var nominert, men eg trudde då aldri at eg skulle vinne blant så mange gode namn, seier ho.

Ho konstaterer at opera er så mangt, og at det gjeld å ta operaen med seg heim i eit format som folk set pris på.

– Folk kan gjerne tenkje at – nei, dette er ikkje noko for meg. Men i rette formatet finn dei gjerne ut at det kan vere det likevel.

Ho ser at det vil vere vanskeleg å få eit representativt bilde av opera med berre å høyre ei innspeling framfor å få oppleve ei framsyning live.

Og når Sigrid opptrer på heimebane, tek ho gjerne med seg kollegaer med stort talent, noko som gjer opplevinga ekstra gjev for publikum.

– Du har vore heime og feira jul vel?

– Sjølvsagt. Og sidan det er vanskeleg med fly 1. juledag, køyrde eg bil ned til Stockholm for å vere med på framsyningar med Tryllefløyten 2. juledag og 4. juledag. Så vart det fly opp att til Nordmøre 5. juledag for å vere med på nyttårsmiddagen heime hos søster mi. Det er eit skikkeleg etegilde med kalkun og pinnekjøt i reine masterchef-stilen, og treff med heile slekta med quiz og trivsel. Når ein bur utanlands, rekk jo tanteungane å vekse så mykje mellom kvar gong eg ser dei, at eg må nytte kvart høve til å reise heim for å treffe dei.

– Og så har det vorte litt ekstra blest gjennom at Jo Sverre sin julesong «Takka fer det oss ha fått» blir mykje spela på radio.

– Ja, det er jo berre utruleg artig. Og når du ser musikkvideoen må eg få opplyse at sjølve innspelinga var akkurat så koseleg som det ser ut på videoen. Dette er ekte vare, smiler Årets Driva-namn, Sigrid Vetleseter Bøe.

Fat med påmåla namn skal ho få overrekt når ho blir å treffe heime att ein gong på nyåret. Fatet er måla av Liv Gjermundnes i Eidsvåg.