Surnadal Senterparti konstaterer at ordførar Lilly Gunn Nyheim har fronta at Surnadal kommune vil flytte over til Trøndelag - utan å ha skikkeleg dekning for det i kommunestyret.

- Det er ikkje godt nok. Ein ordførar som handlar på vegner av heile kommunen må vere sikker på å ha ryggdekning i kommunestyret for standpunkt han eller ho tek på vegner av kommunen, seier leiar for Surnadal Senterparti, Sondre Ormset i eit presseskriv.

Surnadal Sp viser til møte 25. oktober i fjor der regiontilhøyrsle var oppe til diskusjon og drøfting i eit gruppearbeid. Der var det mange som ivra for at Surnadal skal rive seg laus frå Møre og Romsdal og bli del av Trøndelag.

Senterpartiet peiker på at sjølv om mange fekk ytra si meining, var saka aldri oppe til reell avstemning. Styret i Surnadal Senterparti meiner difor at Surnadal kommune no må ta saka om regiontilhøyrsle opp i kommunestyret.

Ein peiker også på at då saka var oppe til diskusjon i gruppearbeidet, vart det stilt ein del spørsmål som langt på veg la føringar for korleis diskusjonen vart - og ikkje alle fekk diskutere alle spørsmåla. Ein minner også om at for nokre av spørsmåla, har forutsetningane endra seg sidan den gongen. Mellom anna har det kome klare signal frå fleire Nordmørskommunar at det ikkje er aktuelt å skifte fylke.

"Sjølv om kommunane ikkje var formell høyringsinstans, er det viktig at når ei så stor sak blir avgjort, har kommunen eit klårt standpunkt, i  alle fall om ordføraren har tenkt å fronte saka så kraftig som ho no gjer", les vi i presseskrivet.

"Om ikkje saka om regiontilhøyrsle no blir teke opp til formell diskusjon og avstemming i kommunestyret, er Surnadal Senterparti redd for at dette kan bli ei negativ sak for Surnadal kommune. Det er viktig at vi får avklart alle fordelar og ulemper i ei skikkeleg saksutgreiing, og får ein reell diskusjon i kommunestyret. Då kan ordføraren fronte eit standpunkt på vegner av heile kommunen, anten det går i den eine eller den andre retninga", seier dei.