Boka viser på mange måtar kor viktig lokalbanken har vore og kor tett samanvevd historia til banken er med utviklinga av Surnadal-samfunnet.

– Vi ønskte sjølvsagt å ta vare på denne historia, og ville gjerne ha noko fysisk å halde i, i ei elles digitalisert verd, seier banksjef Allan Troelsen.

Dette er den fjerde boka i rekkja av jubileumsbøker der Stangvik Sparebank har gjeve ut ei- og Surnadal Sparebank to bøker tidlegare.

Boka til 100-årsjubileet kom ut då banken fylte 101 år – i 1943, og var skrive av Hans Hyldbakk. Det var berre eit tynt hefte samanlikna med dei 96 sidene i dagens jubileumsbok.

Historia om korleis dei klarte å skaffe kalvekjøt til jubileumsmiddagen står omtala også i den nye boka. Gjestane var forundra over å få servert så fint kjøt, medan den tyske okkupasjonsmakta fekk omtala ein daudfødt kalv i rekneskapen.

«Forankra i fortida – på nett med framtida» er motto for Surnadal Sparebank – eit motto som fortel at dei er forankra i historia om korleis banken vart til, men samtidig med å førebu seg grundig på den digitale framtida.

Grunnlaget for Surnadal Sparebank var kornmagasina, der eitt av dei er teke vare på og som blir arena for eit av arrangementa i jubileumsmarkeringa.

Då grunnlaget for kornmagasina dabba av, vart dei seld, og salssummen eigenkapital for den første Surnadal Sparebank i 1842 – på ei tid då bankvesenet var særs dårleg utbygd i Norge.

Surnadal Sparebank var den første på Nordmøre, og ein av ti storbankar i heile landet. Framveksten av lokalbankar kom som følgje av det kommunale sjølvstyret.

– Så var det viktig for oss å finne nokon som kunne føre boka i pennen og gje oss eit verdifullt dokument for ettertida, seier Troelsen.

Det vart naturleg å spørje Svein Sæter, og etter litt fram og tilbake, vart dei samde om at boka måtte skrivast på nynorsk.

Svein fekk med seg dottera Yngvild, og dette er første gongen far og dotter gjev ut noko i lag.

Arbeidet vart delt ved at Yngvild har teke seg av bilde og digitalisering, samt at ho har reist rundt og intervjua folk og skrive desse historiene.

Svein har teke seg den historiske biten.

Det vart eit krevjande arbeid å finne alle dei gamle bilda som dei ønskte i boka – og å finne eit bilde av bankens første innskytar – Ane Hallvardsdotter – viste seg umuleg.

– Det var spennande å snakke med dei tilsette i banken, og eg har merkt meg det sterke engasjementet i staben. Eg må elles seie at eg vart positivt overraska over kor sympatisk denne banken eigentleg er, seier Yngvild Sæter.

Det har skjedd ein revolusjon i bankvesenet dei seinare åra der vi finn mange heildigitale bankar, men Surnadal Sparebank vel å behalde ein fysisk bank der kundane møter levande menneske i sitt tilhøve til banken. Det dreier seg mykje om tillit. Allan Troelsen set stor pris på historia om bankens første innskytar, Ane Hallvardsdotter, som skaut inn alt ho eigde i den nystarta banken i 1842. Ho angra nok aldri på det.

Bankboka kjem ut i eit opplag på 1.500 eksemplar. Dei tilsette i banken fekk kvar si bok i julegåve, medan dei første som får boka utanom banken er deltakarane i bankens næringslivsdag komande tysdag.

Boka er ikkje til sals, så hvis du er interessert, kan du oppsøke banken, så vil det alltids vere muleg å få eit eksemplar.