I dag vedtok Politidirektoratet å legge ned over 120 tenestestadar og lensmannskontor. Berre i Møre og Romsdal blir ni lensmannskontor nedlagte. Senterpartiet reagerer kraftig og meiner tryggheita til folk er i fare, og fryktar politisentraliseringa vil gå ut over liv og helse.

- For eit stort og kronglete politidistrikt som Møre og Romsdal, med store avstandar og ferjer og fjordar, vil avgjerda ha mykje å seie for korleis politiet utviklar seg i åra framover. Regjeringa gjekk inn for ei sentralisering av politiet, og no ser vi konsekvensen av det. Nærpolitiet vil forsvinne frå mange lokalsamfunn, med dei følgjene dette vil få for førebyggjande arbeid og tillit mellom folk og politi. Dette er inga «nærpolitireform» som regjeringa kallar det, det er heller ei rasering av det lokale politiet mange stader, seier Jenny Klinge, stortingsrepresentant for Senterpartiet.

Regjeringa starta med å redusere talet på politidistrikt frå 27 til 12. Dette fikk dei vedteke gjennom eit forlik saman med Ap og Venstre, og også KrF stemte for dette i Stortinget til slutt. Ein del av forliket var også at regjeringa skulle redusere talet på lensmannskontor kraftig. Senterpartiet var ikkje med på dette forliket.

- Vi har heile tida meint at dette er sentralisering som fører til dårlegare beredskap og tryggleik for folk kring om i heile landet. Det vil bli større avstandar, lengre responstid særleg i distrikta, og det vil gjera det vanskelegare for politiet å drive aktiv førebygging og halde tett kontakt med lokalsamfunna. Vi ønskte i staden å forsterke det lokale politiet, held Klinge fram.

Klinge peikar på at om lensmannskontora forsvinn, så forsvinn også politifolka frå lokalsamfunnet.

- Det høyrest kanskje fint ut med politi på hjul som kjem når noko skjer, men eit fjernt, men mobilt politi kan aldri erstatte eit lokalt politi som er ein del av lokalsamfunnet. Dessutan vil jo ikkje politipatruljane halde seg der det bur minst folk og der avstandane er store, dei køyrer helst der det skjer mest. Derfor treng ikkje beredskapen å bli noko betre i praksis for dei delane av fylket som er langt unna byane og dei største tettstadene, det blir heller tvert imot. Folk kan få hjelp til å få ned ein katt frå eit tre i byen, medan folk som ber om hjelp til noko relativt alvorleg på bygda får beskjed om at det dessverre ikkje er mogleg å sende ei patrulje for dette, seier Klinge.

- Einaste lyspunktet for Møre og Romsdal sin del i det vi fekk høyre frå politidirektøren i dag, var at han innstiller på å oppretthalde Smøla lensmannskontor trass i at politimeisteren tidlegare gjekk inn for å leggje ned dette, avsluttar Klinge.

Senterpartiet har likevel ikkje gitt opp kampen for nærleik til politiet. Klinge oppfordrar no folk i heile landet til å stå opp mot sentraliseringa og gi beskjed om at dei ikkje aksepterer at politiet forsvinn.

- Det er mogleg å klage på vedtaket frå Politidirektoratet. Då vil det i siste instans kunne ende opp i Justisdepartementet, og dei får vise kva dei legg i denne såkalla nærpolitireforma ein gong til, avsluttar Klinge.