2016 vart eit rekordår for Kvanne Industrier, som opplever stigande etterspørsel etter dørløysingane sine, frå både gamle og nye kundegrupper. I 2016 passerte selskapet ei omsetning på 17 millionar kroner, ei auke på over 30 prosent frå året før og eit godt steg på vegen til målet om 20 mill. innan 2020. Fortenesta er bra, og bedrifta har i haust auka staben med nye tilsette og har per i dag 10 tilsette. Bedrifta har allereie planar om å utvide lokala.

– Vi ser store mulegheiter til ytterlegare vekst, seier dagleg leiar Stig Kvendset.

Dørfabrikken på industriområdet i Røtet i Surnadal har lange og gode tradisjonar tilbake til 1980-talet, men har opplevd ein oppsving etter at Kvendset og salgssjef Grim Røen overtok som eigarar i 2013. I haust tok KIAS i bruk den nye og utvida fabrikkhallen, som gjer at dei no kan utføre større delar av produksjonsprosessen og ha fleire tilsette lokalt i Surnadal. Kvendset forklarar veksten med at stadig fleire får auga opp for dører i vedlikehaldsfrie materiale.

– Det blir høgare og høgare krav til haldbarheit og reduksjon i vedlikehaldskostnadar, samt at i miljø med høge sanitærkrav eller fukt kan tradisjonelle materiale som tre ikkje hamle opp med produkta våre i plast, som vi garanterer mot fukt- og råteskader i 30 år, seier Kvendset.

Høge mål

Han listar opp næringsmiddelbygg, butikkar, lager, sjukehus, svømmehallar, landbruksbygg og arbeidsbrakker som dei viktigaste bruksområda for KIAS-dører. Veksten kjem òg som følgje av meir aktiv marknadsføring. Med Røen tilbake som salgssjef er det aktive salgsarbeidet styrka, og han brukar mykje av tida si på å oppsøke nye kundar for å informere om alle fordelane med dei vedlikehaldsfrie dørene.

– Ja, vi har mykje upløgd mark, men gjennom oppsøkande aktivitet og deltaking på blant anna messer som Bygg Reis Deg, så opplever vi at fleire og fleire tek kontakt sjølv òg. Ikkje minst så ser vi at konsulentane no inkluderer produkta våre i kravspesifikasjonen til prosjekta, seier Røen.

Han opplever òg at norsk produksjon er stadig meir i vinden.

– Det at vi har ein lokal fabrikk med ein stab som kan levere høg kvalitet blir meir og meir vektlagt igjen, og i tillegg har vi sjølvsagt fått draghjelp av den svakare norske krona. Når ein ser heilheitleg på det så er dørproduksjon i Surnadal konkurransedyktig, samtidig som det gir grunnlag for ei berekraftig drift og marginar, seier Røen.

Nye marked

Derfor satsar òg KIAS ytterlegare i Surnadal, og styreleiar Trond Skogseth fortel at KIAS-styret, der han forutan Kvendset og Røen har med seg Jonny Melkild, har ambisjonar for fortsatt vekst og utvikling av selskapet. Bedrifta har i tråd med dette investert i meir plass som i haust førte til at KIAS kunne ta produksjonen med isolering av aluminiumsprofilar frå Raufoss til Surnadal. Dermed kan bedrifta òg legge til rette for meir optimal drift.

– Vi har òg fleire nye produkt som til dømes betre branndører på trappene, og skal vi henge med framover må vi våge å satse ambisiøst, seier styreleiar Skogseth.

Han skryter av støtta KIAS får lokalt.

– Vi har fått tildelt tilskot til vidare utvikling frå SuSu-midlane i to rundar, og for ei lita bedrift som oss er slik støtte utruleg viktig for å kunne ta det løftet nye produkt eller ny produksjon medfører, avsluttar Skogseth.