Derfor fremma ho onsdag denne veka eit representantforslag i Stortinget på vegner av heile stortingsgruppa til Senterpartiet, der målet er å få gjennom endringar i politireforma som tener det lokale politiet og innbyggarane.

Stortingsgruppa har laga ei liste med ti forslag som dei vil at Stortinget skal vedta. Det viktigaste er at dei ber regjeringa legge vekt på det enkelte kommunestyre si meining om å behalde lensmannskontoret. Dei ønskjer også at regjeringa skal utvide kommunanes klagerett.

– Vi i Senterpartiet er provoserte av å sjå på at norsk politi blir endra frå å vera eit nært, tilstadeverande politi for heile landet. Politidirektoratet vil no legge ned 126 lensmannskontor, og nærpolitiet vil i praksis vera ein saga blott mange stader, seier Klinge.

I Driva-distriktet leggast Halsa og Nesset lensmannskontor ned.

– Sjølv om stortingsfleirtalet vedtok ei politireform som la opp til nedleggingar og som vi stemte imot, er det på tide at dei partia som utgjorde fleirtalet no tar stilling til om politidirektøren har stelt seg godt nok til dei føringane dei la, seier Klinge.

– Svaret på det meiner eg er nei. Det skulle vera gode lokale prosessar der kommunane og dei tilsette skulle bli høyrde, og det skulle slik eg forstod stortingsfleirtalet da vedtaket vart gjort i 2015 ikkje leggast opp til eit A- og eit B-lag i norsk politi.

Stortingsgruppa til Senterpartiet meiner også at dei lensmannskontora som vert foreslått halde ved lag skal bestå med status som lensmannskontor, og at det vert ei reell styrking av dei kontora som står att etter gjennomføringa av politireforma. I tillegg meiner stortingsgruppa mellom anna at regjeringa skal sikre at talet på politifolk som patruljerer ikkje går ned i dei områda som mister lensmannskontoret.

– Det vi ser nå, er at dei mindre lensmannskontora som skal bli opprettheldt får beskjed om at dei ikkje kan forvente å bli styrka. Tvert imot skal dei miste oppgåver. Dette er uhaldbart, og når Senterpartiet no legg fram eit representantforslag for Stortinget, er det for å sjå om stortingsfleirtalet står ved dei føringane dei tidlegare la, eller om dei vil velsigne dei grepa politidirektøren tar. Eg håpar det beste for politiets og innbyggarane sin del.