Sve er Møre og Romsdal sitt medlem i den regionale/nasjonale Rovviltnemnda for region 6, som omfattar Møre og Romsdal, Sør og Nord-Trøndelag. Han opplyser at det har vore arbeidsmøte, med drøfting av ny forvaltningsplan for dei store rovdyra i vårt område.

– Sekretariatet har lagt fram mange alternativ, men eg har gjeve beskjed i nemnda, og fått god støtte der, for å ta øvre Sunndal ut av Forvaltningsområdet for jerv, seier Sve.

Området er nasjonalt utvalt kulturlandskapsområde, noko som ikkje er foreneleg med at det og skal vere yngleområde for jerv, poengterer han.

– Ein kan ikkje stimulere for auka beitebruk i dette området, samtidig som det skal vere eit prioritert jerveområde.

Sve meiner forvaltningsområdet for jerv er stort nok i fylket også utan området i øvre Sunndal, slik at dette ikkje skapar problem opp mot eit framleis krav om tre ynglingar av jerv her i fylket. Han viser til at det er påvist fire ynglingar i Møre og Romsdal i 2016, som er over vedteke mål.

Ny forvaltningsplan vert behandla i løpet av april og går då ut på høyring.

– Men eg føler meg rimeleg sikker på at Øvre Sunndal vert teke ut av jerveområdet, seier Sve.