– Eg var tidleg ute med å kjøpe DAB-radio i traktoren, men måtte sjølvsagt byte ut denne då DAB+ kom, så det vart eit lite irritasjonsmoment akkurat då, seier Martin Fiske.

Han må seiast å vere storbrukar av radio sidan han har traktoren som arbeidsplass store deler av dagen.

– Eg har ønska DAB+ velkomen med sitt gode utval i kanalar og med klår lyd – på dei plassane der det er dekning, seier han.

Han konstaterer at DAB+ enten er veldig klår – eller veldig stille om ein er i område utan dekning.

– Til samanlikning kan FM bli uklår og skurre litt, men vi får med oss nyheitene trass alt, seier han.

For DAB+, men treng FM

Garden har også eigedom i Kvamsøya på Åmot i Øvre Surnadal. Bruket ligg i «DAB-skuggen» og frå og med onsdag denne veka, blir det altså ikkje muleg å ta inn radiosignal av noko slag der.

– Ein må spørje seg, kva har politikarane tenkt med samfunnssikkerheita – som når vi får signalet «viktig melding, lytt på radio!»

Martin Fiske er sterk og klår på sin motstand mot at NRK sluttar å sende på FM-nettet.

– Som sagt er eg veldig for DAB+, men eg er også veldig imot at vi ikkje skal kunne ta inn radio på FM. Så lenge DAB+ ikkje er betre utbygd, er det hol i hovudet ikkje å sende på FM i tillegg, seier han.

Stilt i øyreklokkene

Senior Ola M. Fiske får eit anna problem når han skal i fjøset. Då plar han å bruke høyrselsvern med radio – FM-radio vel å merke.

Frå onsdag av vil desse fungere utelukkande som høyrselsvern, mens kosen med å høyre på radio i tillegg uteblir.

Martin opplyser at han også brukar høyrselsvern ein god del, blant anna med innebygd handsfree for mobil.

Men radio blir det altså ikkje muleg å høyre gjennom høyrselsvernet lenger.

Billege høyrselsvern for dårleg

– Eg har skaffa meg eit slikt billeg høyrselsvern med DAB+, men det tek inn for dårleg. Dei er svært kresne på kvar eg står for å ha dekning, sjølv om eg meiner vi skal ha god DAB+-dekning akkurat her på gardstunet, seier han.

Elles konstaterer han at innandørs fungerer dei ikkje i det heile teke.

– Sidan det er berre i Norge vi har denne storstilte nedlegginga av FM-radio, har ikkje dei store produsentane av høyrselsvern, slik som Peltor, kome i gang med produksjonen av høyrselsvern med DAB+ enno, seier han.

Fleire utfordringar ligg på lur for dei som skal produsere høyrselsvern med DAB-radio. Nemleg straumbruken.

DAB+ brukar så mykje meir straum enn FM at slike høyrselsvern vil ete batteri med slik fart at ein må lade kvar natt – eller kjøpe nye batteri kvar dag for dei som ikkje brukar oppladbare batteri.

Dårleg gjennomtenkt

Med tanke på kor mange som går rundt med høyrselsvern og høyrer på radio kvar dag, vil det auka forbruket av batteri bli eit miljøaspekt som politikarane ikkje har tenkt på.

Martin Fiske meiner at avgjerda om å slutte å sende på FM-nettet må vere veldig dårleg gjennomtenkt, og pressa igjennom trass i åtvaringar frå mange hald om ulemper med DAB+ som først og fremst går på manglande dekning.

– Her i Surnadal har vi veldig god dekning frå Solem og nedover dalen. Oppover dalen er det dårlegare, men i og med at radioen har slege seg automatisk over på FM der det ikkje har vore DAB-dekning, har eg ikkje heilt oversikt over kvar vi har dekning og ikkje, seier Martin Fiske, men er klar over at han vil merke dette med full kraft på onsdag når NRK sluttar å sende på FM.