Surnadalingane Martin Fiske og Ola M. Fiske får full støtte frå ordførar Lilly Gunn Nyheim i sin kritikk av at FM-nettet er stengt ned før DAB-dekninga er godt nok utbygd. Det var i onsdagens Driva dei to uttrykte seg kritisk til dette. Ola M. Fiske viste mellom anna til at han ikkje lenger kan ta inn radio på øyreklokkene han brukar når han er i fjøset. Tilbodet på DAB-øyreklokker som fungerer er per i dag for dårleg.

Uavhengig av onsdagens oppslag i Driva tok Lilly Gunn Nyheim opp DAB-dekninga under onsdagens møte i samferdsleutvalet.

– Eg tok opp dette med utgangspunkt i samfunnsberedskapen og sikkerheita til folk. Eg køyrde sjøl mange kilometer i tunnelar til og frå Molde onsdag utan dekning. I fleire tunnelar på fylkesvegane blir det ikkje dekning før om eit par månader. Dette er ikkje godt nok i høve sikkerheita. Nyheim seier samferdslesjef Arild Fuglset svara at det er lagt opp til at mobiltelefonen og naudtelefonane får halde fram til DAB-dekninga er på plass også i tunnelane på fylkesvegane i løpet av april.

– Eg er ikkje einig i dette. FM-nettet burde ikkje bli stengt ned før DAB-dekninga er på plass. Som fylkespolitikarar bevilga vi tidlegare 16 millionar kroner til utbygging av DAB. No syner det seg at utbygginga av DAB-dekninga tunnelane vart bestilt for seint. Dette er ikkje bra nok.