Politiet har pågrepe personen som tysdag ettermiddag trua ein annan mann med kniv på eit bufellesskap i Sunndal.

Det var i 16-tida tysdag politiet fekk melding om at ein mann i 20-åra trua ein annan mann med kniv på bustaden. I tillegg til folk frå lensmannskontoret i Sunndal vart også politifolk fra Molde og Kristiansund tilkalla. Dei fekk avklart situasjonen etter kort tid. Ingen kom fysisk til skade under hendinga. Begge dei involverte er teke inn til avhør.

Operasjonsleiar Siri Engdal ved politiets operasjonssentral i Kristiansund seier det hadde oppstått ein krangel mellom dei to som er frå Iran. - Hendinga skal etterforskast, seier Engdal.