Stortings- representanten frå Surnadal er ganske så sikker på at det blir regjeringsskifte til hausten. Førstevalet er ei regjering utgått frå Senterpartiet og Arbeiderpartiet.

Klinge sitt parti har gått inn i det nye året med medvind på meiningsmålingane. På enkelte målingar har partiet sett titalet. Det er mange år sidan sist. Sjølv om det er langt igjen til den eventyrlege oppslutnaden partiet fekk under Anne Enger Lahstein og EU-kampen i 1994, kan Senterpartiet bli tunga på vektskåla for å få på plass eit regjeringsskifte etter haustens val. Jenny Klinge meiner partiet har klart å skape tillit over tid, og at det er forklaringa på at stadig fleire støttar partiet sin politikk.

– Vi står stått støtt over tid i mange viktige saker. Det er ikkje nye saker som har dukka opp og som er årsaka til framgangen på meiningsmålingane. Vi har hatt andre svar enn det regjeringa har. Vi ønskjer å vere nært folk både som parti og gjennom politikken vår. Dagens regjering fører ein sentraliseringspolitikk. Folk legg merke til at vi vil ha andre løysingar. Eg må også få legge til at vi har ein jovial partileiar som både kan opptre med eit stort smil, og vere alvorleg når det er naudsynt. Det er positivt.

Klinge understrekar at Senterpartiet vil noko med å gå i regjering. Det handlar om å få gjennomslag for ein politikk dei har tru på.

Legg ned 120 kontor

Klinge sit i justiskomiteen på Stortinget, og har vore klar i sine uttalelsar om politireforma.

– Politiets Fellesforbund har sjølv konkludert med at reforma fører til at dei 120 lensmannskontora som blir lagt ned, gir tjue fleire patruljar ute på vegane i heile landet totalt. Det er all grunn til å spørje om det er verdt det.

Klinge peikar på lensmannskontoret på Tingvoll som eit døme på kva reforma var i ferd med å gjennomføre. Kontoret, med tre polititilsette og ei halv sivil stilling vart første foreslått lagt ned. Klinge er glad for at politimeisteren kom på andre tankar.

– MOT-innsatsen til lensmannskontoret på Tingvoll er viktig. Kontoret er ein del av lokalsamfunnet, og dei tilsette har såleis lokalkunnskap og kjennskap til folk som er viktig i det førebyggjande arbeidet.

– Senterpartiet har kjempa hardt mot kommunereforma?

– Vi er i alle fall veldig i mot tvang. Senterpartiet går ikkje inn i regjering utan at tvangssamanslåtte kommunar får reversere vedtak. No seier Arbeiderpartiet det samme.

-Regjeringa gjekk høgt på banen i starten av reforma. Etter at Stortinget har behandla reforma på forsommaren ligg det ikkje an til det blir så mange færre kommunar her i landet. Det er rart om kommunalministeren søv godt om natta. Litt ironisk vil eg ut frå min ståstad karakterisere reforma som ein suksess som ein følgje av at svært få kommunar kjem til å bli slått saman i forhold til det regjeringa opprinneleg ønskte. Det er synd at reforma har stressa opp så mange kommunar og skapt dårleg naboskap mellom nabokommunar. Det har vore mykje bortkasta tid.

– Du synest det er greitt at Surnadal og Sunndal blir ståande åleine?

– Ja, det synest eg verkeleg. No får vi sjå kva det blir til med Halsa. Rindal har i mange år arbeidd for å bli trønderar.

Feil å bli trønderar

– Du er heller ikkje begeistra for arbeidet fleire nordmørskommunar legg ned i forsøket på å sjå på mulegheita for å bli trønderar?

– Det er rett og slett eit feilsteg. For det første er vi jo faktisk nordmøringar, ikkje trønderar. Når det gjeld kva fylke vi skal tilhøyre, må vi innsjå at ei endring til svært store regionar uansett vil føre til at Romsdalsfjorden blir regiongrensa. Men no ligg alt an til at Møre og Romsdal fylke består. Ein aktiv og ilter kamp for å få koma seg ut av eit fylke som vi mest truleg kjem til å bli ein del av for framtida uansett, kan føre til at det i framtida blir vanskelegare for Nordmøre å få pengar frå fylket. Eg fryktar for realiseringa av Todalsfjordprosjektet dersom Surnadal skulle bli ein del av ein trønderregion. Det er ingen grunn til å tru at Trøndelag vil stille garanti for den summen som må til dersom det skjer. Heldigvis tyder alle signal – også frå regjeringspartia – på at Møre og Romsdal skal halde fram som eigen region. Det er verdt å merke seg at det også er intern strid i Trøndelag om dette. Nordtrønderane ønskjer ikkje at nokre nordmørskommunar eller heile Nordmøre skal vere med på å dra tyngdepunktet lenger sør. Fylket vårt er best tent med å vere ein eigen region. Skulle det vere fleirtal på Stortinget for å danne nokre få og store regionar her i landet, vil etter all sannsynlegheit både Nordmøre og Romsdal gå til Trøndelag. For øvrig misliker eg heile dette unorske regionomgrepet. Uansett om internett har kome for å bli, vil fysiske avstandar faktisk vera ein relevant faktor for folkestyret også i framtida.

Blir statsråd?

Klinge er sterk i trua på at det blir regjeringsskifte til hausten.

– Senterpartiet vil vere ein del av ei ny regjering. Eg har som alt nemnt Arbeiderpartiet og Senterpartiet som førsteval, og vil heller samarbeide med KrF enn med SV. SV er tredjevalet.

Jenny Klinge blir ikkje spesielt overraska over spørsmålet om ho ser for seg at ho kan bli justisminister i ei ny regjering?

– Det er fleire som har spurt meg om dette. Eg har ikkje personlege ambisjonar i den retninga. Sonen min er 16 år og har to år att på vidaregåande. Det går rundt no når eg er heime om helgane og kan ha ein og anna arbeidsdagen heime. Som statsråd må ein vere tilgjengeleg og vere i Oslo det aller meste av tida. Eg har vore ti år på Stortinget, og tenkjer at eg er blitt ein erfaren stortingsrepresentant. Eg kan gjere ein minst like god innsats for Nordmøre og fylket vårt som stortingsrepresentant enn som statsråd.

– Men du ser ikkje bort frå det kan vere aktuelt dersom du skulle få spørsmålet etter valet?

– Vel, eg har vel svara på korleis eg tenkjer rundt dette.

Distré

Arbeidsdagane på Stortinget er lange for stortingsrepresentanten.

– Som b-menneske startar eg dagen på Stortinget i ni-halv ti-tida dei dagane det ikkje er møte før sjølve stortingsmøtet startar klokka ti. Klokka kan bli like mykje på kvelden før eg går heim. Eg har vorte flinkare til å ta pausar for å gå meg ein tur. Verst er det når det er avstemmingar om natta. Da kan det verkeleg røyne på.

Jenny Klinge har sjølv stått fram som ekstrem distré. I haust kjem boka med ulike historier rundt temaet ut på Tigerforlaget.

– Kan du røpe ei historie eller to?

– Det er utruleg mange historier å flire av i boka. Sunndalingen Torbjørn Torske er mellom dei som verkeleg har fått oppleve korleis det å vere distré kan føre til. Ei av hendingane skjedde på ein bensinstasjon på Rensvik-krysset for ein del år sidan. Eg har fått godt inntrykk av mine medborgarar på indre Nordmøre, det er mange som er lite sjølvhøgtidelege og som gjerne deler historier med meg. Dessutan har eg fått mellom anna sjakkmeister Simen Agdestein og statsråd Torbjørn Røe Isaksen til å stille opp med historier, saman med andre kjente og ukjente fjes frå andre delar av landet. Også har eg ein del historier sjølv da. Eg klarer dessverre å få til noko nytt ein kunne ha skrive om opptil fleire gongar i veka.