Surnadal kommunestyre gjekk einstemmig for rådmannens tilråding om å slutte seg til prinsippet om bompengefinansiering av vegprosjekt i Orkdalsregionen.

I rådmannens tilråding ligg også at kommunen ønsker ein forsert planprosess fram til Nasjonal Transportplan 2022 - 2033 og at dei vil delta i regional finansiering av planarbeidet.

Vidare heiter det at Surnadal kommune finn det heilt avgjerande at utgreiingsarbeidet også omfattar utbetring av dei viktige transportkorridorane frå Indre Nordmøre langs fylkesveg 700 og 701 til Orkanger og Berkåk.

Saksframlegget som vart vedteke er felles for alle kommunane i Orkdalsregionen, og er ført i pennen av tidlegare fylkesrådmann i Sør-Trøndelag, Milian Myraunet, og Myraunet var også til stades i kommunestyresalen i Surnadal og orienterte om saka.

Med Surnadal kommunestyre sitt vedtak, har alle kommunane slutta seg til den felles tilrådinga.