Rådmann Knut Haugen peika på at skuledebatten langt på veg har teke av, og fått eit innhald som går langt utanom det saka eigentleg gjeld.

Ei sak som i utgangspunktet skulle handle om kva økonomisk handlefriheit som finst i kommunen, har sklidd ut til å ta med seg både skulestruktur og fleire løysingar for nytt skulebygg.

Rådmannen uttrykker bekymring for kva det vil ha på seg for den framtidige kommuneøkonomien om ein skal investere 160 millionar utan eigenkapital.

Han legg fram fleire framtidsvyar, der ein i verste fall kan ende opp med finanskostnader på 33 millionar over ein fireårsperiode.

Senterpartiet ønsker saman med Høgre og Frp å sette dei økonomiske rammene for den framtidige skuleutbygginga no, og at dei ikkje må overstige 130 millionar. Og det vart det debatten dreide seg om. Arbeiderpartiet ønska å vente med å sette rammene for skuleutbygging til forprosjekt ligg føre og at dei har hatt temamøte om skule.

Vil vente på forprosjekt

Saka gjeld med andre ord ikkje størrelsa på investeringa, men om dei skal vedta rammene no, eller vente til etter at forprosjektet ligg føre og ein har hatt temamøtet og fått også dei pedagogiskfaglege uttalene på bordet.

Bortsett frå tidspunktet for fastsetting av dei nemnde rammene, står eigentleg ikkje partane så lang frå kvarandre, noko som blir påpeika både av Egil Nedal (Ap) og Jon Nordvik (Ap).

- Vi er då heller ikkje interesserte i å vere uansvarlege og legge inn investeringar som vi ikkje klarer å betene i framtida, seier Nordvik.

Han fryktar imidlertid at dei skal vedta rammer det ikkje går an å bygge ein pedagogisk god nok skule innanfor.

Det dreier seg om økonomi

Han ber om å få med seg samarbeidspartia på eit vedtak om å vente med å sette nokon endeleg sum no.

Rakel Polden (Ap) minner om at kommunestyret skal vere førebilde på demokratiet i kommunen, og ber om at debatten går føre seg på ein ryddig måte.

Nils Håvar Øyås (Sp) er glad for endeleg å få debattere kommuneøkonomi i samband med skuleutbygginga, og peiker på at debatten i formannskapet kom til å gjelde noko heilt anna.

Katrine Mauset (H) meiner at kommunen ikkje har musklar til å spare opp eigenkapital nok før byggestart.

– Vi har bede rådmannen om ei vurdering og då er det ikkje berre å sette strek over den, seier ho, og meiner ein må legge ei ramme som ein trur ein kan leve med i framtida.

Rita Helen Aarnes (Ap) fortel om somnlause netter på bakgrunn av det sterke engasjementet i folket og blant lærarane.

Berre nesten einige

– Det viser kva som er viktig for oss. No handlar det om Øye skule og over 300 elevar. Vi stemte for å utarbeide eit forprosjekt til ny skule, og når alt ligg på bordet kan vi ta vidare avgjerder, seier ho.

Partia samlast til gruppemøte i håp om å få eit einstemmig vedtak til slutt.

Argumentet frå Ap er å vente til dei ser kva som vil vere pedagogisk forsvarleg.

Dette viste seg å bli umuleg, og eit forslag frå Ap som omfattar å vente med å sette rammer for utbygging fram til forprosjektet ligg føre og eit temamøte om skule har vore halde, vart sett opp mot Sp som hadde lagt fram forslag saman med Høgre, Frp og MDG om å sette ei ramme for skuleutbygging på 130 millionar allereie no.

Dermed vart det fleirtal for å sette rammene no – mot stemmene frå Arbeidarpartiet.