Siri Skjerve busett i Todalen blir prosjektleiar for Huset i bygda i Møre og Romsdal. Ho skal reise rundt å kartlegge alle organisasjonseigde kulturbygg, slik at desse kan samlast i ein eigen database. Vidare skal prosjektet løfte fram forsamlingshusa som viktige kulturarenaer, og utvikle møtestader og verktøy som kan gjere dei lokale laga til meir kompetente huseigarar.

Organisasjonseigde kulturbygg finst i kvar ein krik og krok av Noreg, men det er først med prosjektet Huset i bygda at ein forsøker å få kartlagt dei og samtidig auke kompetansen til dei som driv. No utvidar prosjektet til sitt tredje fylke, skriv organisasjonen Huset i bygda på si heimeside.

- Eg meiner det er viktig å ta vare på kulturlivet, styrkje det og på den måten gjere det attraktivt for folk å bu her også i framtida, seier Siri Skjerve om motivasjonen sin for å bli prosjektleiar i Møre og Romsdal.

Og når ho seier det, så tenkjer ho også på seg sjølv. For det var ikkje eit heilt lett val då ho og familien tok sjansen og flytta heim til mannen si heimbygd – Todalen på Nordmøre.

- Noko av det vi meinte var avgjerande for å busette oss her, var at det var ei engasjert og levande bygd, seier Siri om sin nye heimstad med litt over tre hundre innbyggjarar.

37-åringen trur Todalen og det ivrige foreiningslivet der er typisk for gode bygdesamfunn.

- Eg har gjort meg mange tankar om kor viktig nettopp det frivillige engasjementet er for at folk skal kunne trivast der dei bur. Alle blir synlege, og rekna med. Mange kjenner eit ansvar for bygda si og dei felles arrangementa og møteplassane vi har, seier Siri.

Siri har bakgrunn som kunstnar og som lærar på folkehøgskule og barneskule, og er derfor oppteken av både kultur og gode møtestadar.

Den nye heimen til familien hennar representerer også desse tinga. Det er nemleg ei gammal trønderlån som dei flytta frå Fosen i Sør-Trøndelag til Todalen, så Siri har fått hausta mykje erfaring om restaurering av gamle hus.

- Huset vi bur i no er eit gammalt, men nytt hus med mykje sjel og stor trivsel. Eg skal likevel ikkje leggje skjul på at det har vore mykje arbeid som ligg bak, ler Siri.

Prosjektleiar-stillinga hennar er på knappe 20 prosent over tre år, men Siri har god tru på at mykje skal kunne utrettast i løpet av perioden.

- Dei første månadane blir det nok mest kartlegging og telefonar til dei ulike kommunane og huseigarane, slik at eg kan legge best mogleg til rette for gode og lærerike hus-samlingar, seier den ferske prosjektleiaren.