Ordførar i Surnadal, Lilly Gunn Nyheim (Ap), fekk ei gladsak i fanget gjennom tala på befolkningsutvikling for kommunen frå SSB på fredag.

Ho konstaterer at Surnadal frå 5.969 innbyggarar frå årskiftet 2016 har auka til 5.986 ved årsskiftet 2017. Det er ein auke på 17 innbyggarar - Ikkje allverda kanskje, men det skal berre 14 fleire til før Surnadal igjen passerer 6.000.

Aller mest nøgd er ordføraren med fødselstala.

- 65 fødde ungar i 2016 er veldig gledeleg, men vi set ikkje noko tak der altså, smiler ho. Ho tykkjer også det er greitt å konstatere at 45 av dei 65 nyfødde høyrer til Øye krets.

Tidlegare prognosar for folketalsutvikling for Surnadal viser at kommunen får ein auke i folketalet. Nyheim er nøgd med å sjå at prognosane held stikk.

Dei andre kommunane i vårt distrikt viser at det går litt opp og ned. Nesset har per i dag 2.963 innbyggarar og går tilbake med 7.

Tingvoll har 3.109 innbyggarar. Det er ein framgang på 6.

Sunndal går tilbake med 34 innbyggarar - til 7.126 medan Rindal går tilbake med 10 til 2.026.

Halsa har den både prosentvis og talmessig største auken i innbyggartalet i våre kommunar og går frå 1.547 til 1.599 - ein auke på heile 52 innbyggarar.