- Justisministeren må lære seg å lytte, skriv stortingsreperesentant Jenny Klinge (Sp) i eit lesarinlegg.

Den justispolitiske talskvinna i Sp likar ikkje å bli skulda for løgn og å snakke mot betre vitande når ho kritiserer prosessane i politireforma.

Her er lesarinnlegget:

"8. mars skulda justisminister Per-Willy Amundsen meg for å fara med løgn og snakke mot betre vitande då eg kritiserte prosessane i politireforma, der 126 av lensmannskontora i landet skal leggjast ned. Eg meiner det er oppsiktsvekkjande at justisministeren framleis ikkje har lært seg å lytte til åtvaringane rundt politireforma.

Eg kan forsikre justisministeren om at det ikkje er noko usant i min kritikk, og at eg er oppriktig bekymra for prosessane i politireforma. Eg fryktar at kommunane har særs liten reell sjanse for å nå gjennom med sine klagar, om dei har aldri så gode argument for å behalde sine lensmannskontor.

Det eine er at klageordninga for kommunane i seg sjølv er dårleg. Ho er lagt opp slik at det først og fremst er prosessen kommunane kan klage på, ikkje innhaldet. Eg kritiserte også klageprosessen fordi den ikkje godt nok fangar opp dei tilfella der kommunane har blitt overkøyrte i første omgang. Reforma har vore prega av hastverk. Vi ser at problema forplantar seg til seinare ledd i prosessen, og no er vi altså i klagerunden.

Fleire kommunar har sendt sine klagar i god tid før klagefristen 10. mars, og Politidirektoratet avgjorde allereie før fristen var ute at dei ikkje ville ta enkelte av klagane til følgje. Eg meiner at dette er eit problem fordi klagene i eit politidistrikt må sjåast i samanheng. Det er jo klart at ein kommune vil ha ei betre sak om dei klagar på at prosessen ikkje har vore god nok i deira politidistrikt, dersom også andre kommunar i same distrikt kan skrive under på at dette er riktig. Kommunane har fått høve til å uttale seg, men fristen har vore så kort at fleire ikkje har hatt tid til å behandle dette politisk, og dei har derfor ikkje fått sendt uttale. Det er ikkje tatt tilstrekkeleg omsyn til at lokale prosessar i kommunestyra tek tid.

Eg er – som fleire ordførarar og lokalpolitikarar – frustrert over hastverksarbeidet i reforma, som gjer det reelt sett vanskeleg eller umogleg for kommunane å medverke i prosessen, til tross for at stortingsfleirtalet lova at dei skulle få gjera dette.

Jenny Klinge

Justispolitisk talskvinne, Senterpartiet."