For første gong sidan 2008 stilte Karstein Mauset og Perikom med fullt band i Torshall i Rindal fredag kveld.

Det vart ei kosestund for eit litt for fåtalig publikum. Dette er lokal kultur på høgt nivå som enno fleire gjerne skulle fått med seg.

Karstein Mauset har plukka ut eit smakfullt knippe dikt frå våre kjæraste lokale lyrikarar som Hans Hyldbakk, Jørgen Gravvold og Astrid Krog Halse og tonesett dei med stor respekt for innhaldet i tekstene.

Og saman med særs habile musikarar som Jo Ranheim, Ronny Kjøsen, Ola Langli, Frank sPoon Botten og Olav Nergård Tørset danna han ei lifleg ramme rundt låtene, men framleis med songen og tekstene lengst framme i lydbildet. Lydmann Rune Dalager skal sjølvsagt ha sin del av æra for dette.

Frå bandet starta med "I kveld" av Jørgen Gravvold til dei avslutta med Sivert Mausets "Mila er mange" hadde dei vore gjennom eit godt utval av Karstein Mausets låter frå cd-ane "Heimkome" (2004), "Bastuba" (2008) og "Flomål" (2013).

Etter ein konsert på ein time og eit kvarter, var vi framleis svoltne på meir, og vi veit at Karstein har meir å ta av. Når det er sagt, er det nok alltid lurt å slutte før publikum blir lei, men det trur vi skulle noko til her.

Laurdag kveld er det ny konsert med Perikom fullt band i Storstuå i Surnadal kulturhus. Ingen kjem til å angre på at dei tek turen dit. Det ligg an til ei ny kosestund laurdag kveld.