Klypa-showet til Sunndalsøra

I helga var det Surnadal som fekk besøk. Komande helg kjem Klypa og Kjell "Kjellen" Bigset til Sunndalsøra kulturhus.

Til Sunndalsøra: Kjellen har helsa på ordførarane Lilly Gunn Nyheim og Ståle Refstie tidlegare.  Foto: Arkiv.

Nyheter

Klypa og Kjell «Kjellen» Bigset ladar kanonene, og sprengjer ut eit splitter nytt humorshow. Med Kjellen i  hovudrolla og i fri dressur, er det duka for eit skikkelig oppgjer med det moderne liv. Gjennom Kjellen sine auge får vi eit unikt skråblikk på den til tider vanskelege reisa gjennom livet. Her vil nok dei fleste kjenne seg att. Vi får sjølvsagt også helse på livssnyltaren Palle, saman med eit par heilt nye ansikt i Klypa-universet.

Det er Ryste Entertainment som skriv dette i ei pressemelding,

Thomas Ryste har i denne runda fått med seg den «steikje fine» Ørjan Liavåg som regissør, musikkprodusent og sparringpartner på tekst. Liavåg har lang erfaring i humor-bransjen, og har samarbeidd med artistar som Marit Voldsæter, Ina Breivik, Fredrik Steen og Christine Hope. -Å få jobbe med Klypa er først og fremst veldig artig, og humoren treff meg midt i sunnmørshjartet, seier Liavåg.

I showet «Med Prostata Mot Stjernene» bør publikum gjere seg klar for nye hysteriske augneblink, med Kjellen som dirigent, nyforelska og i sitt livs form!