Den første tildelinga av ungdomsmidlane i 2017 er gjennomført, og det er fordelt 125 000 kroner til prosjekt for ungdom, heiter det i ei pressemelding fra Møre og Romasdal fylkeskommune.

Sunndal paintball får 10.000 kroner av desse og Nesset Ungdomsklubb 20.000 kronar. Pengane går til utstyr til klubbane.

Kvart år delar ungdomspanelet ut 250 000 kroner til ekstraordinære ungdomsaktivitetar i fylket. Fristane for å søke er 1. april og 1. desember.

32 lag og organisasjonar søkte

Tilskotet blir gjeve til prosjekt som stimulerer ungdomsengasjement i fylket, og skal gå til alternative ungdomsaktivitetar som elles ikkje får støtte frå det ordinære budsjettet til fylkeskommunen. Denne våren fekk ungdomspanelet inn heile 32 søknadar som følgde akkurat denne visjonen.

Stor variasjon i søknadane

- Det var mykje god diskusjon rundt søknadane. Den store variasjonen gjorde det ikkje lett å velje ut kven som skulle få midlar denne terminen, likevel var det ei svært spennande oppgåve, fortel leiar i ungdomspanelet, Norunn Brøste Kjersem.

- Til slutt klarte vi å bli einige om å prioritere flotte tiltak som støtte til å byggje ungdomshus, utstyr til barneteater og paintball, samt organisering av ulike friluftsaktivitetar for ungdom, seier Kjersem.