Han har hatt fasttelefon heile livet, Ola Tjelle, gardbrukar og tidlegare ordførar i Nesset. Telefonen kom særs tidleg i bygda Tjelle: i 1904, fortel han til Driva.

– Oldefaren min kjøpte fire aksjar for 80 kroner i Nesset telefonsamlag. Han var nummer 86 som gjorde det. Oldefar hadde ei stor og fin trekasse som telefon.

Sidan den gong har det vore fasttelefon på garden. Men i 2017 fekk dei brev om at det skulle leggast ned i april.

– No er det kopla ut. Etter 113 år er det slutt, seier Tjelle, som er født i 1950.

– På 50-talet var det ventetid på å få telefon lagt inn. Mange husstandar la ikkje inn fasttelefon før etter krigen.

Eldre som har otte

Det er med litt vemod han må konstatere at det ikkje vert meir fasttelefon.

– Eg hadde tenkt å ha fasttelefon lenge ennå, den har vore ein trufast tener all mi tid, og no i det siste har vi hatt ein moderne fasttelefon som er berbar. Men eg vil ikkje kalle det ei krise. Vi har mobiltelefon, men det er meir denne kjensla av at no er ein epoke over. Utviklinga har gått meir og meir over på mobil og dei siste åra har det skjedd ei rivande utvikling. Det er nye tider. Ein må klare seg med trådlaust nettverk. No er det Facebook, Instagram og nettilgang på mobilen. Eg protesterer ikkje på utviklinga, men tykker det er spesielt. Det har vore ein tryggleik i å ha både fasttelefon og mobil. Eg stussar på at vi fekk lite forklåring på bakgrunnen for det.

Ola trur det kan vere ein del eldre som vil kjenne på manglande tryggleik når eller om fasttelefonen deira kjem vekk.

– Ja, eg har fått reaksjonar på det. Ein del er redde med omsyn til alarm men det skal vere mogleg å få det på mobil og. Det er berre det at ein må jo lade opp mobilen. Det trengde ein ikkje tenke på med fasttelefonen.

Ventetid på å ringe

Ola fortel om den store kassa til oldefaren som vart bytta ut med ein mindre telefon. Etter kvart kom ein med skive.

– Det var vanleg heilt fram til 60-talet at det var to på same linje. Om det var to lange signal var det til naboen, medan det var ein lang og ein kort til oss. Når nokon andre ringde kom ein ikkje gjennom, då måtte ein vente. Ein måtte tinge på rikstelefon. Det var ikkje berre å ringe. Ein måtte gå om sentralen heile tida, og når det var snakk om lokaltelefonar. Sentralen var ein stor arbeidsplass den tida. Det fungerte jo bra, men det er ikkje som i dag- at ein kan ringe når ein vil og direkte til den ein vil.

– Skal ikkje fasast ut

Ola undrast om det skal fasast ut over heile landet, men det kan pressekontakt i Telenor, Per Arild Meling, avkrefte:

– Nei, vi skal ikkje fase ut fasttelefonen. Den skal eksistere og det kjem til å vere fasttelefon i mange år framover, seier han til Driva.

– Kor mange sentralar er lagt ned?

– Prosessen starta i 2016, og til no har vi lagt ned på 30 telefonsentralar på ymse stader i landet. Så lenge mange seier opp, går det gradvis nedover.

– Kva er bakgrunnen for at sentralar leggast ned?

– Det er høge kostnadar knytt til å drive ein telefonsentral. I utgangspunktet ser vi på område kor det er få kundar knytt til sentralen. Det er gjerne stader der det er dårleg infrastruktur, men det er tilfredsstillande mobildekning. Vi vurderar kvar einskilt situasjon. Når ein legg ned får kundane tilbod om mobil heimetelefon og får då ringesignal frå mobilnettet, men sjølve telefonen ser ut som ein vanleg telefon med tastatur og rør å halde i, ein slepp å lade den opp, den står i straumkontakten.