Surnadalsrussen stilte velvillig opp i Midtigrenda Barnehage tysdag formiddag for å døpe rosaruss.

Dette er andre året barnehagen inviterer russen til å kaste glans over rosarussdåpen, og då er det vel å rekne som tradisjon då.

Styrar ved barnehagen, Signe Lill Aasland, melder at Rosa-russ står for vener, latter, leik og moro siste året før skulestart.

Russen delte ut russeluer til alle førskulebarna. Alle fekk diplom, og dei som takka ja til det, fekk ein liten vassprut i ansiktet. Men det var heilt frivillig.

Men det er sjølvsagt litt gjevt å tore det, å gjere litt som dei eldre russekollegene.

FAU hadde kjøpt inn is til seremonien, og førskulebarna fekk sjølvsagt russekort.

- Det er stas for oss å bli spurt om dette. Ungane blir jo så glade med is og russekort og det heile, seier russepresident Sunniva Sørvik Grimsmo. Ho tykkjer det er veldig artig at barnehagen gjer dette for andre året på rad no, og at det er stas både for førskuleungane og russen om dei gjer dette til ein tradisjon.

Så reknar vi med at det bir mykje både rosa, raud, blå og svart russ å sjå i barnetoga rundt om 17. mai.