Om vinnarane uttalar juryen m.a.:

- «Dei to har saman og kvar for seg ofra tallause timar for idrettslag, skyttarlag og andre organisasjonar - og ikkje minst med bygging og vedlikehald av Bøfjorden Grendahus og andre felles bygningar og anlegg. Dei har elles vore aktive deltakarar og medhjelparar i  det sosiale og kulturelle livet i bygda. Paul og Oddmund har gjort Bøfjorden til ei rik og triveleg bygd å bu i.»

Eit fullsett grendahus støtta tildelinga med taktfast applaus.

Det er no tiande året at historielaget deler ut prisen. Den består av diplom og ein gåvegjenstand, i dette tilfellet gode tursko til dei to aktive pensjonistane.