Med stort fleirtal vedtok kommunestyret i Surnadal torsdag ein uttale som ber regjering og storting gje bøndene eit betre jordbruksoppgjer. Under eit møte mellom Ap-ordførarar og varaordførarar i Molde fredag, bestemte samtlege seg for å støtte vedtaket som surnadalsordføraren tok initiativet til. No oppmodar Lilly Gunn Nyheim fleire ordførarar - uansett partifarge, om å vere med på det som kan bli eit landsomfattande opprop.

- Alle Ap-ordførarane og varaordførarane i Møre og Romsdal var samla i Molde for å møte Helga Pedersen. I bilen på veg til Molde snakka eg med fylkesleiar Oddvar Mikkelsen i bondelaget på telefonen om jordbruksoppgjeret. Mikkelsen var også et ærend i Molde. Da han fekk høyre at vi var så mange Ap-politikarar samla, spurte han om å få komme til møtet vårt for å orientere litt om bakgrunnen for forhandlingsbrotet. Det fekk han sjølsagt.

- Etter at han var ferdig med sitt innlegg var vi som var til stades alle enige om å slutte seg til uttalen frå kommunestyret i Surnadal. Vi startar no eit ordføraropprop der eg vonar ordførarar uansett partfarge blir med på oppmodinga om å gje bøndene eit betre oppgjer.

Lilly Gunn Nyheim seier regjeringa med sitt tilbod ikkje følgjer opp stortingsvedtaket om at inntektsgapet mellom bøndene og andre grupper skal tettast. Statens tilbod legg heller ikkje opp til ei satsing på små og mellomstore bruk.

- Vestlandsbøndene kjem spesielt dårleg ut. Vi ønskjer matproduksjon over heile landet.