Iron Power: Vegard Martinsen med sin modifiserte Ferguson med over 500 hestekrefter. Han røykla nærast stadionområdet da han satte igang og ga “full pedal”. Foto: Jon Olav Ørsal

Traktorpulling er ein sport som har vore oppfatta som interessant for spesielt interesserte.  Søndag var det bokstaveleg fortalt full rulle på stadion i Betna, der Stornaustet arrangerte Traktorpulling for 3. gong.

I 2014 og 2015 var det arrangement på plassen framfor Stornaustet på Halsanaustan.  I 2016 kom det nye sikkerhetskrav, som gjorde det uaktuelt å arrangere der. Dermed vart det ikkje noko arrangement i fjor, men i år er dei i gang igjen på ny arena – på stadion i Betna, fortel leiar for arrangementet Gunnar Kåre Røe frå Stornaustet.

Dagen starta egentleg med dramatikk, da ein av lastebilane som kom med 3 av traktorane som skulle ta del i arrangementet vart råka av bilbrann på Nordmarka. Snarrådigheit og innsats frå Surnadal brannvesen berga dei tre traktorane på vogntoget, sjølv om trekkvogna vart flammenes rov.

Men litt forsinka kom konkurransen i gang, og har var det både gromlyd og svart røyk når traktorane kjempa med alle sine krefter med å dra belastningsvogna bortover den nygrusa banen på stadion.  Belastningsvogna er konstruert slik at jo lenger du trekkjer ho, jo større blir belasninga.

Her er det med andre ord viktig å starte i rett gir, eller så har du eit problem.

I konkurransen deltok både vanlege jordbrukstraktorar og litt modifiserte og trimma traktorar. Den mest markante traktoren var nok Iron Power, som var ein Ferguson med Volvomotor (!) på 10 liters motoprvolum og over 500 hestekrefter – her var det krefter i overflod, og det var ingen problem med å få “full pull” – å dra vogna ut heile banen.

Dei nye og store traktorane merka seg nok ut med at det var krefter i overflod, men også lite røyk. Dei var nok utstyrt med moderne EU6-motorar som forurensa lite, medan dei trimma og modifiserte motorane nok var justert til å yte mest muleg uansett miljøkrav.

Traktorane var sjølvsagt delt inn i fleire klassar – delt etter vekt.

dei fleste deltakarane kom frå Trøndelag, der det er eit stort miljø for denne sporten, men det var også lokal deltaking, både frå Halsa, Surnadal og Rindal – tilsaman var det 23 deltakarar. I klassen under 3,5 tonn var det Bjørn Olav Farstad frå Farstad som gikk til topps. I klassen standard 5,0 tonn vann Morten Jerpstad, frå Jerpstad med Håvard Hårstad på andreplass. Klasse 6,5 tonn var det Erik Lefstad frå Skaun som var best, med Yngve Osnes frå Tingvoll på andre. Klassen over 6,5 tonn var det rennbyggen Arild Gjervan som seira. Men mest røyk og fart fikk Vegard Martinsen med sin modifiserte Ferguson Iron Power og Arnt tilset med sin Fiat 1000 i sportsklassen.

Sjå og sak og fleire bilete i papiravisa.