Det var møtt fram mange interesserte i Svorkasalen laurdag for å få med seg praten Svein Sæter hadde med forfattaren Kjartan Fløgstad. Det vart ein interessant prat der dei to var innom mange tema i tilknyting til Fløgstad sitt forfattarskap.

Fløgstad debuterte som prosaforfatter i 1970 med "Den hemmelege jubel." I 1972 kom novellesamlinga "Fangliner", der han let sjøfolk og skiftarbeidarar i tungindustrien komme til orde på deira eige språk. Der blir forfattaren sitt marxistiske grunnsyn tydeleg. Gjennombrotet kom i 1977 med romanen "Dalen Portland." Her følger han utviklinga av det norske industrisamfunnet gjennom to generasjonar i etterkrigstida.

I ettertid har Fløgstad skreve fleire romanar, dikt, biografiar og reiseskildringar. Han har også vore ein aktiv kulturdebattant som til tider har skapt stort engasjement.

Svein Sæter ønska innleiingsvis Fløgstad velkomen til landets nordlegaste nynorskkommune. Han starta med å spørje nynorskbrukaren Fløgstad om kvifor nynorsk er så viktig.

– Språket er sjølvsagt viktig for ein forfattar. Eg er oppvaksen i Sauda der det var mykje språkstrid. No er "dessverre" bokmål som undervisningsspråk nærmast utsletta der, smiler han. Fløgstad viser til at nynorsk gjev han mulegheit til å utnytta talemålet rundt seg.

Fløgstad har reist mykje rundt om i verda og har budd fleire stader også her i landet. Som 16-åring gjekk han inn porten på smelteverket i Sauda for å jobbe dagskift. Inntrykka derifrå har prega han. Det same har livet som sjømann.

– Eg har også fått eit ufortent rykte på meg som arkitektkyndig. Det er ikkje slik at eg har dementert det, men ryktet har sin bakgrunn i at eg ei kort tid studerte til arkitekt i Trondheim. Der hadde eg svært flinke lærarar, som fekk meg til å forstå at arkitekt kunne eg ikkje bli, smiler Fløgstad.

Kunnskapene derifrå kom likevel godt med når han i ettertid skreiv ei bok om russisk arkitektur.

Fløgstad har også sett seg godt inn idet han karakteriserer som myten om at målrørsla samarbeide med nazistane under krigen. I "Brennbart", som kom i 2004 – går han i rette med påstandar om kven som var nazistar under og før krigen, og kva språklege organisasjonar tok av standpunkt til okkupantmakta under krigen. Han understrekar at målrørsla ikkje samarbeida med Quisling-styret, som mange har trudd. Det gjorde derimot riksmålsbevegelsen, som få har visst. Fløgstad karakteriserer nazismen som "eit svart hol i verda."

Svein Sæter viste til at Hans Hyldbakk tok eit sterkt oppgjer med nazismen på tredvetalet.

Han meinte diktet Vårsøg, som Hyldbakk skreiv i april 1945, har ein dobbelt botn med tanke på nazismen.

– Kva avkastning har du fått av at du gav prispengane til Noregs Mållag i 1978, ville Sæter vite.

– Eg ser det blømer med unge skjønlittelære forfattar som skriv nynorsk i Norge i dag. Dette spesielt etter år 2000. Det gler, meg.