Vårsøg-publikummet er tydelegvis interessert i politikk og regionsstruktur òg. I alle fall samla Driva-debatten 130 tilhøyrarar i ein etter kvart kokande varm Svorka-sal i Surnadal kutlurhus.

I panelet sat Fylkesordførar Jon Aasen (Ap), Lilly Viktoria Sandberg frå Surnadal ungdomsråd, Halsa-ordførar Ola Rognskog, Meldal-ordførar Are Hilstad og Pipelife-direktør Kjell Larsen som representant for lokalt næringsliv.

Debattleiar Svein Sæter trur ikkje regiondebatten er over etter dette, men at dette er noko som har vore lenge og som vil halde fram i generasjonar.

Fylkesordførar Jon Aasen gjekk inn på regjeringa sin politikk - at dei ønsker seg store kommunar, og også vil ha vekk fylka, men at det i utgangspunktet er ein debatt folk flest ikkje ønskte. Han peika også på mekanismar som i si tid førte til sterk befolkningsvekst på Sunnmøre med tilflytting av polske arbeidarar, ei virkning av ein stor arbeidsmarknad som no har gått andre vegen etter problema i oljesektoren.

Krev vegstandard for 25 meters vogntog

Direktør Kjell Larsen minte om ein tale statsminister Erna Solberg heldt for kongeparet - korleis dei frontar landet og vår flotte natur, samt bedriftene "vi skal leve av".

- For Pipelife sin del treng vi god nok infrastruktur til å få frakta ut det vi produserer samt tilgang på arbeidsfolk, påpeiker han.

Saka er at konkurrentane andre stader i landet kan frakte sine varer på 25 meters vogntog, noko vegstrukturen på Fylkesveg 65 ikkje gjev høve til. Dette medfører at bedrifter i Surnadal tapar i konkurransen med at dei får frakte 30 prosent mindre på kvart vogntog. Dette gjev både høgare transportkostnader og aukande utslepp.

- Vi ser ikkje at fylkespolitikarane i Trøndelag er ivrigare enn fylkespolitikarane i Møre og Romsdal med å utbetre vegen. Men når vi leitar etter mulegheiter for å inngå alliansar, finn vi desse på trøndelagssida, medan vi ikkje får det same gehøret i næringslivet ute på Møre. Vi treng at surnadalingane blir trønderar, noko vi ser som den tryggaste vegen for utvikling av Pipelife.

Ønsker nordmøringane velkomne

Meldal-ordførar Are Hilstad vil unngå å blande seg i ein debatt som nordmøringane sjølv må ta, men peiker på at regionrådet i Orkdalsregionen ønsker nordmøringane velkomne til å vere med og bygge ein sterk region sørvest i eit samanslått Trøndelag.

Elles meiner han at debatten går for mykje på kjensler og på kor langt det er til dei fylkeskommunale kontora, men meiner at vi må få debatten meir inn på kva vi skal leve av i framtida.

Fryktar for den vidaregåande skolen

Lilly Viktoria Sandberg er leiar av Surnadal ungdomsråd, og tykkjer det har gått fort i svingane i reformarbeidet. Ho ber oss tenkje på kva vi har og kva vi kan få gjennom å byte regionstilhørigheit. Spesielt er ho bekymra for elevgrunnlaget ved Surnadal vidaregåande skole om Rindal og Halsa begge går til Trøndelag - og kanskje ikkje får lov til å søke seg til Surnadal lenger.

- Vi må vere klar over at mange surnadalingar går ut i fast arbeid i heimbygda etter vidaregåande. Om skulen blir nedlagt, vil ungdommen reise ut allereie i 16-årsalderen.  Vil dei kome tilbake når dei blir vaksne og etablerte da? spør ho og peikar på kor viktig ungdommen er for å ha eit berekraftig samfunn.

- Då vi kom flyttande til Surnadal, var det viktig for oss med ein desentralisert grunnskule og med ungdomsskule og vidaregåande skole i sentrum. Kor sterkt vil vi stå som del av Trøndelag når det gjeld å behalde den vidaregåande skolen? spør ho.

Ho fekk i alle fall rungande applaus frå salen, noko som skulle vise at mange at dei som var til stades er einige med ho.

I utgangspunktet positiv til nytt forvaltningsnivå

Ola Rognskog (Sp) fortel at han i utgangspunktet var positiv til ein regionreform med tanke på å flytte makt ut frå Oslo til eit reelt, regionalt forvaltningsnivå.

Han peiker på som eit faktum at det her på fylket har vore ein regional ubalanse fogderia imellom. Utan at han vil skulde berre på fylkeskommunen, meiner han at det er summen av vekstimpulsar stat og fylkeskommune har gjeve saman som har medført denne ubalansen.

Han meinte å sjå av innbyggarundersøkelsa at eit fleirtal i Halsa ønsker ei kommunesamanslåing og då med Hemne og delar av Snillfjord - slik det vart etter at Aure varsla at dei ønsker å halde fram som eigen kommune.

Fylkesgrensene som barrierer

Dordi Skuggevik spurte frå salen Kjell Larsen om han trur trønderane vil kome hit og bygge veg for Pipelife.

- Problemet er at E39 vart lagt der den er. Det er heilt klart at den burde ha gått gjennom Surnadal og Rindal, meiner ho - og meiner at det blir feil at Halsa skal søkes seg til Trøndelag. Det skulle vore andre vegen - at Frøya, Hitra, Snillfjord og Hemne skulle gått attende til å bli del av Møre og Romsdal som dei var før.

Ingunn Golmen (Sp) peika på eit viktig moment i debatten, nemleg den barrieren fylkesgrensene utgjer - blant anna for ungdom i Aure som vil gå skule i Trøndelag, men som blir stoppa av fylkesgrensa. Plutseleg kjem nye reglar som gjer desse grensene meir uoverstigelege.

Kjell Larsen er enig. - Eg er ikkje oppteken av kvar fylkesgrensene går, men slik det er no, er dei ein viktig premissgjevar for både samferdsle og vidaregåande skole. Nye reglar om offentlege innkjøp seier elles at ein skal ta omsyn til kostnader og miljø før ein inngår avtalar, noko som gjev Pipelife konkurransemessige ulemper, seier han.

Om ein prioriterer vegstrekningar visse stader i landet for køyring med 25 meters vogntog, vil dette vere konkurransevridande mot dei stadene i landet som ikkje får denne fordelen.

Kan ikkje vere så sikre på kva vi har

Surnadal-ordførar Lilly Gunn Nyheim oppsummerar debatten, og konstaterer at helse har vore lite nemnt. Når det gjeld samferdsle, er fylkesveg 65 vegen surnadalingane køyrer for å kome til St Olavs Hospital - som stort sett er sjukehuset dei brukar.

- Nei, det stemmer at vi veit ikkje kva vi får, men med nye regelendringar veit vi lite om kva vi har òg. Vi kan få reglement som set stoppar for interkommunale samarbeid på for eksempel barnevern, seier ho.

Elles er ho ikkje så sikker på at trøndersøknaden til rindalingane går igjennom med tanke på føresetnaden om kommunesamanslåingar for å få skifte fylke. Slik sett ser ho for seg at Halsa kan ende i Trøndelag før Rindal.

Også ho ser ulempene med fylkesgrensene, og at det blir viktig å finne løysingar som dei som bur i utkantane kan leve med, med tanke på tilgang til vidaregåande skolar og til sjukehustenester.