I november er det 55 år sidan Kings Bay-ulykka der eit heilt skift på 21 gruvearbeidarar omkom i ein metaneksplosjon i gruva.

Det vil seie – ikkje riktig heile skiftet. Underteikna sin onkel, Even Tiset, var ute for å rette opp eit transportband som gjekk ujamt då det small. Det berga livet hans.

Ingebrigt Grimsmo var lærar for 18 elevar i Ny Ålesund på dette tidspunktet – mange av elevane var barn til dei som omkom i ulykka.

Det einaste teiknet vi såg på at noko kunne vere gale, var at lyset bløkta og var borte ei kort stund før det kom tilbake att, fortel Grimsmo.

Han var gift med Annbjørg Øvervik – som var utdanna sjukepleiar.

– Allereie då vi vart kjend med kvarandre snakka vi om Svalbard og tanken på å dra dit og jobbe ei stund, fortel han.

Det høyrer med til historia at onkel til Ingebrigt, Einar Grimsmo, var overingeniør og sjef for gruvesamfunnet i Ny Ålesund.

Etter kvart gjorde dei alvor av desse tankane og tok med seg sønene Åge og Gjermund oppover, medan eldstemann, Johan Fredrik, vart att heime hos besteforeldra.

Dei kom oppover i juli. Ingebrigt var tilsett som lærar, og skulen skulle ikkje begynne før i september.

– Eg fekk med jobb på kolrenseanlegget, og jobba 12-timars skift saman med ein skogsarbeidar frå dei djupe skogar i Trysil. Vi måtte heile tida passe på at bandet gjekk. Om vinteren kunne bandet stoppe på grunn av frost, og då flauma det over av steinkol, fortel han.

Det var flust av arbeid på Svalbard og gode pengar å tene, noko som var hovudgrunnen til at folk reiste oppover.

Monica Christensen skriv i si bok om Kings Bay-ulykka at det var godt miljø i Ny Ålesund og større trivsel der enn i Longyearbyen. Det kan heilt sikkert ha noko med toppleiinga på staden å gjere.

I alle fall var det betre kvalitet på kolet som vart vunne ut ved Kings Bay enn i gruvene rundt Longyearbyen – noko som i tillegg til storpolitikken og kamp om suverenitet over øyene – var god grunn for å oppretthalde gruvedrifta på staden.

– Det vart harde diskusjonar i etterkant om årsak til ulykka. «Stor-onkel» (som Ingebrigt kallar onkel Einar) meinte at det var viktig med opne gangar for å lufte ut metanlommer i gruvene, medan Hoyle (gruveinspektør George Hoyle) meinte det var viktig å stenge att mellom gangane for å hindre spreiing av kolstøv.

Inspektøren fekk siste ordet, og gruvegangar vart mura igjen.

Etter ulykka skulda Hoyle nærast Grimsmo for mord på gruvearbeidarane og at det hadde vore ein kolstøveksplosjon.

Grimsmo sende skuldingane i retur, og meinte at ein metaneksplosjon hadde sprengt dei attmura veggene og utløyst ein kjedereaksjon av gasseksplosjonar.

Til overmål vart Hoyle sett til å leie granskingskommisjonen etter ulykka, og dei kom aldri fram til ein klar konklusjon om årsaka.

I rettferdets namn, må det seiast at ulykka skjedde berre to veker før siste båt skulle gå frå Ny Ålesund, og det var den tida kommisjonen hadde på seg til å konkludere.

I ettertid har det vel vorte klart at ein gasseksplosjon var årsak til ulykka, blant anna ved at eit kraftig lågtrykk hadde passert Svalbard og gjort at metanet hadde samla seg i lommer.

11 mann vart funne omkomne medan det var ansett for utrygt å leite etter dei andre. Pumpene vart stoppa og gruva fyltest med vatn.

Russarar frå gruvesamfunnet i Barentsburg hadde tilbudt seg å hjelpe til å leite etter to gruvearbeidarar som kunne vere på ein slik plass at dei hadde berga for sjølve eksplosjonen – deriblant Sverre Sæter frå Surnadal.

Russarane hadde nemleg oksygenutstyr til å kunne vere nede i gruva i 3 timar, noko som hadde vore tilstrekkeleg tid til eit slikt søk.

Men der slo storpolitikken inn. Regjeringa Gerhardsen avslo russisk hjelp. Det var viktig å bevare norsk suverenitet over Svalbard, og å gje russarane ei fjør i hatten over å finne overlevande kom ikkje på tale.

Truleg omkom alle som var nede i gruva momentant, men det får ein aldri svaret på.

Ulykka utløyste i alle fall regjeringskrise – eit mistillitsforslag som gjekk på at regjeringa ikkje hadde overhalde opplysingsplikta overfor Stortinget fekk fleirtal, og regjeringa måtte gå.

Etter at det small, vart fru Annbjørg kalla til sjukehuset umiddelbart. Sjukesøstera som jobba der hadde nemleg mist kjærasten nede i gruva, og var ikkje i stand til å jobbe.

11 lik vart altså bore opp frå gruva og plassert oppe på loftet til hønseriet til telegrafist Odd Einar Hammer i påvente av båten til fastlandet. Hammer var for øvrig svoger til Ingebrigt Grimsmo.

Det vart elles hans jobb å varsle om ulykka ned til fastlandet.

– Eg fekk meg ekstrajobb med å passe hønene etter ulykka. Hammer var einaste telegrafisten, og fekk døgnkontinuerleg vakt på telegrafen, fortel han.

Ein kveld Ingebrigt hadde vore nede i hønseriet, tok han mot til seg og gjekk opp trappa til loftet der lika låg på rekke. Han måtte berre sjå det. Han kjende dei fleste, og fleire av dei var sambygdingar frå Surnadal.

Ingebrigt, Annbjørg og gutane vart att etter at siste båten hadde gått. Blant anna var det skule kvar dag i romjula, og læraren måtte vere til stades.

– Etter at båten hadde reist, bestemte vi oss for å ordne til ein fest der folk fekk drikke så mykje brennevin dei ville. Det vart akkurat slik vi såg for oss. Folk fall kvarandre om halsen og gret, og fekk ut alt som låg dei på hjartet. Det reinska liksom lufta, og gjorde det mykje lettare for oss etterpå, fortel han.

Som ein kuriositet nemner han historia om då han hadde med seg klassen ut på tur. Den gongen var det ikkje påbode å ha med folk med jaktrifle for å verje seg mot isbjørn, men læraren hadde med seg ein eittskots salongpistol i lomma.

– Eg fekk sjå ein ung steinkobbe ikkje langt frå land og fann fram pistolen og skaut han i hovudet. Den unge selen sette kursen rett mot land og mot oss, og eg fekk tak i ei luffe, drog den i land og avliva den med eit skot i nakken. Om eg hadde gjort noko slikt no, hadde eg nok mist jobben, humrar han.

Selen vart flådd, og han fekk 200 kroner for skinnet.

Og kva tenkjer han om å reise oppover att no, og å få det heile på nært hald att?

– Eg gler meg no, men det må seiast at tidlegare har eg ikkje vore så gira på å ta turen att. Eg skal ha med meg tre søner og ei dotter, og håper å treffe att fleire av dei eg var lærar for den tida vi var der oppe. Samtidig reknar eg med at det vil bli ei ganske så sterk oppleving for oss alle, seier han.