Plasseringa er dårleg i forhold til kor avfallet oppstår, og dette medfører risikabel transport både på sjø og veg, heter det i en pressemelding fra styret i partiet.

Dei skriv vidare: "Konsekvensutgreiinga er ikkje klar, men alt no verkar Raudsand som eit dårleg alternativ for deponering av avfall som i stor grad oppstår på Austlandet (avfallssyrene frå Kronos Titan i Fredrikstad) og utlandet.

Venstre vil ha ei sikker avfallsbehandling, og Noreg treng eit slikt anlegg. Vi vil likevel ha fleire alternativ for vurdering enn dei to som ser ut til å stå att no. Venstre vil også utfordre industrien på å utvikle prosessar som gjev mindre miljøskadeleg avfall, eller utnytte dette i ny produksjon.

Venstre går imot val av Raudsand som nasjonalt anlegg ut frå det vi kjenner til no. Vi vil studere   konsekvensutgreiingane nøye, og krev at desse må omfatte både fjellkvaliteten på deponistaden og risikoen for havari under transporten. Eit utslepp til elv eller fjord ville vere ei uakseptabel miljøkatastrofe som vi aldri kan risikere."