Det var under laurdagens Drivadebatt rindalsordføraren kom med ei klar oppmoding til dei som fordeler samferdselskronene. Heggem har i mange år kjempa for å få utbetra fylkesveg 65 som er ein viktig veg for næringslivet i både Surnadal og Rindal, og lei av ikkje å nå fram.

Til Driva peikar Heggem på at både fylkesveg- og riksvegstandarden er elendig over store delar av landet.

– Eg er spesielt oppteken av fylkesveg 65, men den vegen er ikkje noko særtilfelle. Det er fylkesvegar også i Rindal som har dårlegare standard, men som har mykje mindre trafikk.

Ordføraren seier alle skal ha lov til å jobbe med sine prosjekt, men han legg ikkje skjul på at han er skuffa over den manglande framgangen på utbetringa av fylkesveg 65.

– Det er slett ikkje slik at eg ønskjer å stoppe dei store vegprosjekta, men poenget mitt er at pengane kjem frå den samme potten. Det blir feil å hevde noko anna. Når det gjeld fylkesveg 65 har vi fleire gonger trudd at det var pengar på gang, men så kjem det andre ting som blir vurdert å vere viktigare. Dette er alvor!

Heggem meiner det kan synes som om politikarar har meir lyst til å klippe snorer enn å bevilge pengar til å utbetre fylkes- og riksvegar.

– Det er muleg å ta eit kjempeløft på det enorme etterslepet det er på vedlikehald. Forutsetnaden er at det er rikspolitisk enighet om å gjere det. Det er ikkje tilfeldig at vegane er bygd der dei er. Eg miner det no er på tide å sette foten litt i bakken for nye store prosjektog prioritere vegvedlikeholdet. Det kan vere at dei store prosjekta må vente nokre år til fordel for eit krafttak for vegvedlikehaldet.