Sokna i Stangvik, Surnadal, Rindal og Halsa er saman i denne gudstenesta, og representantar frå alle sokna vert til stades og mange aktive deltakarar vert å sjå og høyra i gudstenesta.

Nytt av året er at gudstenesta i endå sterkare grad får eit økumenisk preg da representantar frå den katolske kyrkja og den koptisk ortodokse kyrkja, som har regelmessige samlingar i Surnadal, også deltek aktivt.

Det er ingen dåp i år, men det vert feira nattverd.

Sokneprest i Surnadal, Vidar Rygh og fungerande sokneprest i Stangvik, Torbjørn Brøske, har det liturgiske ansvaret saman med kantor Oddveig Helset Halle. Det vert song ved koret Tormod med dirigent Elisabeth Gjørsvik og Christian Madaus deltek på fløyte.

Også i år kjem det gudstenestedeltakarar sjøvegen: Kyrkjebåten frå Hamnes kjem inn Stangvikfjorden med 12 personar om bord. Dette er eit flott innslag i feiringa av det fjordkryssande fellesskapet, og vi veit at mange kjem til Stangvik pinsedag for å sjå båten. Torstein Hamnes, ein av roarane, seier at dei i år skal tilpasse roinga slik at dei kjem inn til kyrkja ca kl. 10.40. Vi veit at mange likar å ta bilete av båten og roarane, så til dykk alle: om i god tid til Stangvik kyrkje.

Etter gudstenesta vert det servert kyrkjekaffe.

Sokneråda i området oppmodar alle å ta turen til Stangvik pinsedag til ei stor gudsteneste for heile indre Nordmøre.