Nedgangen i arbeidsløysa held fram i Møre og Romsdal og er i mai nede på 2,6 %. Den har nå gått ned kvar månad i 2017, og vi må tilbake til november 2014 for å  finne ei lågare arbeidsløyse i fylket.

Mai er normalt ein månad med låg arbeidsløyse, men sjølv om vi justerer for normale sesongsvingingar er nedgangen stor. Møre og Romsdal har no same prosentpoeng arbeidsløyse som landet samla.

I mai 2017 er det 3 723 personar heilt utan arbeid i Møre og Romsdal. Det utgjer 2,6 prosent av arbeidsstokken og er ein nedgang i arbeidsløysa på hele 13 prosent frå same månad i fjor.

Ser ein på kommunane i Driva-dristriktet går ledigheita og tilbake. Unntaket er Rindal der det er ei auke på tre arbeidsledige. I Rindal er det no elleve personar utan arbeid.