Jenny Klinge vart så imponert over teksten som Nora Bæverfjord Rye hadde på trykk i Driva sist fredag at ho har invitert henne til omvisning på Stortinget.

Nora Rye (15) var utplasseringselev i Driva i forrige veke. Ho skreiv fleire saker som har vore på trykk i avisa. Mellom anna hennar eigne tankar om det å vere svaksynt og dei utfordringane ho møter i kvardagen sin i teksten "Ikkje heilt A4." Der fortel ho om korleis ho taklar kvardagen og på samme tid understrekar at ho i framtida har tenkt å prøve å leve eit mest muleg normalt liv.

" Det er ingen ting som tilseier at eg ikkje kan få meg ein vanleg jobb, eller ein vanleg familie," skriv Nora.

Ho avslutta saka si med å skrive at ho er utruleg takknmeleg for at ho bur i eit land der det går greit å vere svaksynt, og der ein får hjelp.

-Vurderte å bli journalist

Surnadaling og stortingsrepresentant Jenny Klinge seier ho la merke til at Nora nemnte musikk og journalistikk som eit muleg studie- og yrkesval.

- Eg vurderte faktisk å bli journalist sjølv då eg var ung, og skreiv som frilans for både Driva og avisa Fylket. Men så vart eg jo politikar i staden. Eg tenkte Nora kunne ha interesse av å høyre meir om stortingsarbeidet enn det ein får vita på skulen, og kom på at eg kunne invitere ho innom nasjonalforsamlinga vår dersom ho skulle vera i Oslo ein gong eg også er der.

- Teksten skilte seg ut

Klinge sendte Driva ein e-post der ho ba redaksjonen videresende helsinga til Nora. Ein e-post som ho seier var meint som ei personleg helsing, men at det med Nora si godkjenning er greit at det vart sak for avisa av det.

Med godkjenning frå både Jenny og Nora gjengjev vi her helsinga som Nora fekk:

" Eg fekk lyst til å gi deg ei tilbakemelding etter å ha lese den fine teksten din i Driva, den som stod på trykk fredag 16. juni. Eg har ikkje treft deg før, så først vil eg berre seie litt om meg sjølv. Eg kjem frå Surnadal, og bur der no også. I tillegg bur eg store delar av året i Oslo, fordi eg er stortingsrepresentant for Senterpartiet.

Når eg kjem heim til helg, bruker eg å lesa Driva. Denne gongen har eg vore borte nokre veker, så eg hadde ein bunke med Driva å koma gjennom. I den siste avisa las eg teksten din om deg sjølv. Denne teksten skilte seg veldig ut for meg. Du skriv veldig fint, og du fortel om deg sjølv og livet ditt på eit vis som rører meg og gjer meg stolt av deg – heilt utan at eg kjenner deg.

Årsaka til at eg tek kontakt, er at eg kom på at du truleg aldri har vore på Stortinget før. Neste gong du er i Oslo, om det så er i år eller eit seinare år, er du hjarteleg velkomen til å koma innom meg der for ei lita omvisning og ei orientering. Stortinget er ein spennande plass som mange aldri har vore innom.

Eg veit jo at du er svaksynt, så vi får finne ut korleis vi skal gjera sjølve omvisninga. Eg kan uansett fortelje deg om Stortinget og korleis det er å vera stortingsrepresentant. Eg kan fortelje om arbeidet vi gjer der, og kanskje får du høyre på litt av eit stortingsmøte og helse på nokre andre stortingsrepresentantar også.

Eg ligg an til å vera på Stortinget i nye fire år, og stortingsmøta er frå tidleg oktober til seint i juni kvart år. Det er derfor ikkje nokon hast med å ta imot tilbodet viss du ønskjer å koma ein tur. Berre send meg ein e-post når det måtte passe. Eg er ikkje svaksynt sjølv, men eg har derimot litt dårleg hukommelse. Så berre minn meg venleg på tilbodet eg gav deg viss du ikkje tek kontakt før om to-tre år. 

Eg ønskjer deg alt godt. Takk for den fine teksten du skreiv – flott også at du skriv på nynorsk."

Nora seier ho set pris på helsinga frå Jenny Klinge.

- Dette var veldig triveleg. Eg kjem sjølvsagt til å takke ja til invitasjonen, men har ikkje tenkt på når det kan passe. Eg tykkjer det er fint at ein politikar interesserer seg for svaksynte og historia mi, og at det er fantastisk at nokon set pris på det eg skriv.

Sigmund Tjelle