Dei har ein sommarvikar som reiser rundt og registrerer førekomstane. Når grunneigaren har godkjent at plantane kan fjernast, kjem ein entreprenør og tek dei ut.

Fredag var turen komen til Langset i Eidsvåg. Reidar Eikås i Øksendal Bygdeservice svinga ryddingssaga langs bekken for å ta vekk kjempespringfrø som veks der. Denne svartelista planten som kjem frå Himalayaområdet, har ein spesiell måte å spreie seg på. Når frøa er mogne, skyt planten dei fleire meter bortover dersom nokon kjem borti belgen. Det er difor viktig å ta vekk planten før dette skjer. - Planten har akkurat starta blomstringa, så no er vi ute i rett tid, seier fagansvarleg Ola Betten hos fylkesmannen. Lokaliteten må sjekkast seinare i år for etternølarar, og ein må kontrollere området i fleire år for å sjå om det er frø som har overlevd.

I Driva sitt område skal fylkemannen fjerne kjempespringfrø i Eidsvåg, Gussiåsen og kanskje i Halsa. Det skal også behandlast rynkerose i dei fleste kommunane i distriktet, og ein vil ta ut legepestrot. - Alt arbeidet blir gjort av lokale bygdeserviceføretak vi har inngått avtalar med, og slik sett oppnår ein både lokal verdiskaping og miljøforbetring, avsluttar Betten.