Etter at Sunndal 1 måndag slo brasilianske Alunorte Rain Forest 5-0 og Rindal slo Bærums Verk Hauger 2 3-1, vart det klart at dei to nordmørsklubbane skal møtast i A-sluttspelet i Norway Cup.

Onsdag klokka 09.00 barkar dei raude og kvite sunndalingane saman med dei kvite og raude rindalingane på Ekebergsletta, og i potten ligg 1/32-finale mot Vestsiden-Askøy IL berre fem timar seinare. Laget frå øya nordvest for Bergen vann tre kampar og spelte ein uavgjort i gruppespelet, med ein samla målforskjell på 18-5 på dei fire kampane.

Sunndal-trenar Ole Sveen gler seg til å møte rindalingane

– Det blir veldig artig å møte dei, det blir eit nytt beskjentskap på 11ar-fotball. Vi møtte dei på sjuar i Slatlem Cup, og vann 1-0 då. Det blir heilt sikkert ein tøff kamp, dei hadde ein del gode spelarar. Det blir berre artig å møte eit anna nordmørslag, spesielt eitt vi ikkje møter i seriespelet til vanleg.

Morten Møller, trenar for Rindal, deler Sveen si oppfatning.

– Å møte Sunndal blir jo spennande. Sjølv om det nesten er eit lokaloppgjer har vi ikkje veldig god kjennskap til Sunndal-laget, men eg trur det blir ein artig kamp. Då vi møtte dei innandørs i vinter var det ganske jamt, og sjølv om dei kanskje i utgangspunktet har eit betre lag enn oss kan vi matche dei på ein god dag. Så får vi berre håpe at den gode dagen kjem i morgon.

Knuste Alunorte Rain Forest

Om kampen mot Alunorte Rain Forest tysdag fortel Ole Sveen at Sunndal starta dårleg, men tok meir og meir over. Like før straffe tok dei raudkledde leiinga på straffespark ved Martin Haugen, og like etter halvtid la Grunde Hansen på til 2-0.

– Derifrå og ut var det einvegsskøyring, vi fekk god flyt og leverte ein sterk kamp. Dei fekk ein spelar utvist og ein del gule kort som fører til at den som får det må ut i fem minutt, så då køyrte vi over dei, seier Sveen, som fortel at det brasilianske laget i større og større grad lot frustrasjonen gå utover sunndalingane.

– Ja, det vart dessverre ganske stygt og ufint til slutt, noko som dessverre førte til at eit par av våre fekk seg nokre smellar.

Til slutt stod det 5-0 til Sunndal, og dei tre siste måla kom ved Simen Svanberg Larsen (2) og ein uheldig Alunorte-spelar som sette ballen i eige nett.

Håpa å vinne pulja

Rindal slo Bærums Verk Hauger 2 3-1, etter to scoringar av Sander Landsem Kattem og eitt av Steinar Møller.

– Det var greitt nok at vi vann, sjølv om det ikkje var nokon stor kamp av oss. Det stod 2-0 til oss ved pause, og vi hadde grei kontroll i første omgang. I andre omgang blir det litt for mykje tilfeldigheiter, og vi kjem oss ikkje opp på det nivået vi veit vi har inne, seier Møller, og legg til:

– Vi hadde eit håp om å score fleire mål slik at vi vann pulja, men i etterkant må vi seie oss fornøgde med to seirar og ein uavgjort. Vi har gjort det godt, og gler oss til ny kamp i morgon.