Tre av dei 20 lokale deltakarlaga i Norway Cup heng med inn mot slutten av finalespelet – alle i B-sluttspel.

SUNNDAL

G19 tapte 2-4 for amerikanske A.F.C. Lightning i 1/16-finalen i A-sluttspelet torsdag klokka 10.00, og er dermed ute av Norway Cup.

J19 slo Otta 1-0 i kvartfinalen i B-sluttspelet torsdag klokka 12.30, og møter Kolbotn i semifinalen same dag klokka 18.45.

OPPDATERT: J19 tapte for Kolbotn 1-5.

G16 1 er ute av årets Norway Cup etter at dei onsdag tapte 0-1 for Rindal etter ekstraomgangar, i det som var 1/64-finale i A-sluttspelet.

G16 2 tapte 1-2 mot Nesodden i 1/32-finalen i B-sluttspelet onsdag, og er dermed ferdigspelt i Oslo for denne gong.

J16 11 rauk ut av Norway Cup i 1/32-finalen i A-sluttspelet. Laget tapte ein jamn kamp 0-1 mot Gimse, og blei dermed det tredje sunndalslaget som rauk ut etter eittmålstap i sluttspelet.

I klassa for J16 7er tapte Sunndal 0-3 for Halsnøy, og laget er dermed ferdige i Norway Cup for i år.

SURNADAL

G19, som Surnadal og Rindal samarbeider om, tapte torsdag 0-3 mot Melhus i 1/16-finalen i A-sluttspelet.

J19, som er eit samarbeid mellom Surnadal og Søya/Todalen, tapte 1-2 for Ravn i kvartfinalen i A-sluttspelet torsdag.

G16 slo Nardo 3-0 i første sluttspelkamp onsdag, etter scoringar av Vegard Gjul, Bjarne Østbø og Vegard Snekvik. Laget gjekk dermed vidare til 1/32-finale, men der vart det stopp mot Skeid i kampen som starta klokka 14.00. Laget frå Torshov vann 1-0, og surnadalingane er dermed ute av årets turnering.

J16 slo Træff 1-0 etter golden goal i 1/16-finalen onsdag klokka 08.00, etter at Oda Heggset sette ballen i mål etter snaue to minutt av første ekstraomgang. Hødd vart imidlertid for sterke i 1/8-finalen seinare same dag, og vann 3-0. Dermed er surnadalingane ute av Norway Cup.

G14, som er eit samarbeidslag med Søya/Todalen, vann onsdag heile 10-1 over Bjørn IL i 1/16 i B-sluttspelet, før dei slo Haugerud 3-1 i 1/8-finalen same kveld. Torsdag morgon vart det 5-3-seier over Bækkelaget i kvartfinalen, før det vart seier 3-2 på Golden goal over naboane Halsa/Valsøyfjord. Dermed skal laget spele Norway Cup-finale mot Kråkerøy fredag klokka 16.30.

J14, som vann B-sluttspelet i J13-klassa i fjor, slo Hødd 4-0 i 1/16-finalen i B-sluttspelet onsdag kveld. Torsdag morgon vart det 5-0-seier over Oppegård i 1/8-finalen, før surnadalsjentene slo Snøgg på straffekonk etter at det stod 3-3 etter både ordinær tid og ekstraomgangar. Laget skal spele semifinale mot Hornindal torsdag klokka 18.45.

OPPDATERT: Surnadal J14 vann kampen 2-0!

G13, som er eit samarbeidslag med Søya/Todalen, vann 5-4 over Ready 2 i 1/32-finalen i A-sluttspelet onsdag formiddag, men tapte 1-3 mot Skjoldar i 1/16-finale same kveld, og er dermed ute av årets turnering.

J13 tapte 0-3 for svenske Hammarby i 1/16-finalen i A-sluttspelet onsdag klokka 17.00, og er ferdigspelte i Norway Cup for denne gong.

RINDAL

Rindal G16 slo Sunndal i 1/64-finalen i A-sluttspelet, før dei seinare onsdag tapte 1-2 mot Vestsiden-Askøy i 1/32-finalen. Dermed er laget ute av Norway Cup for i år.

TINGVOLL

Tingvoll J13 fekk oppleve skikkeleg drama då dei slo Bergsøy i 1/16-finalen i A-sluttspelet, berre for å få vite at motstandarane fekk medhald i ein protest, slik at straffesparkkonkurransen måtte takast på nytt. Tingvoll vann og den andre straffekonken, og gjekk dermed vidare til 1/8-finale. Der vart det bom stopp mot eit råsterkt Shanghai Meilong Middle School frå Kina, og etter 0-2 ved pause vart sluttresultatet til slutt 0-9. Tingvoll er dermed ute av turneringa.

HALSA/VALSØYFJORD

Halsa/Valsøyfjord G13 tapte onsdag 1-3 mot Bækkelaget i 1/16-finalen i B-sluttspelet, og er ferdigspelte for år.

Halsa/Valsøyfjord G14 vann 2-0 over Røa Turbo i 1/16-finalen i B-sluttspelet onsdag morgon, og 5-0 over Mosjøen i 1/8-finalen same kveld. Torsdag morgon vann dei kvartfinalen mot Nittedal på straffesparkkonkurranse, før det vart 2-3-tap på Golden goal mot naboane Surnadal/Søya/Todalen i semifinalen. Dermed enda laget på ein finfin tredjeplass i årets Norway Cup.

SØYA

Søya J13 er ute av årets Norway Cup etter 0-3 mot Høybråten og Stovner i 1/8-finalen i A-sluttspelet.

EIDSVÅG

Eidsvåg G13 spelte 4-4 mot Huk i 1/32-finalen i A-sluttspelet, og vann straffesparkkonkurransen 4-1. Dermed gjekk dei vidare til 1/16-finale, der Nordstrand Hvit vart for sterke og vann 5-0. Bruntrøyene er dermed ute av turneringa.