– Ja, når eg har ferie, då tek eg heilt fri frå musikken. Men eg må vedgå at det kjem til ein pris. Det krev litt jobb å kome i gang bak trommene att, seier Jo Inge Nes.

Vi tek ein sommarprat med han på Svissholmen i Stangvik med strålande sol over sandstrand, svaberg, glitrande sjø og solslikkande badegjester – på tida for denne sommarpraten hadde sommaren endeleg kome til Nordmøre.

Vi må vel prate litt om Det store korslaget til Surnadal Sparebank. Liv Dalsegg har mange rosande ord om jobben du gjer i så måte. Kva består jobben eigentleg i?

– Eg er vel å rekne som produsent og koordinator for korslaget. Det er for øvrig tredje gongen Surnadal Sparebank arrangerer korslag no, og eg har hatt denne rolla i alle tre. Jobben består i å legge til rette alt frå logistikk med scene, transport av artistar og publikum og kvar dei skal stå – med sitteplassar for dei som treng det og elles ståplassar – som det blir mest av. Eg tilrettelegg også musikken og skaffar folk til å arrangere, samt at eg har kontakten med dei artistane som kjem og skal stå i spissen for kvart einskild kor.

Og har kontakten med banken, går vi ut frå?

– Ja, alt skjer i tett samarbeid med Liv Dalsegg i banken. Eg må seie eg tykkjer det er raust av banken å spandere dette på folket i Surnadal og alle tilreisande som måtte ønske å oppleve dette. Det blir ein flott måte å feire jubileum på – med fullt av folk framom scena på plassen framom banken.

Det blir hektisk å vere koordinator for noko så stort?

– Ja, det blir nok intense dagar både dagen før og på sjølve dagen laurdag 2. september. Statistisk sett plar det vere ei godvershelg dette, men vi har ein god plan B om det skulle bli ruskevêr. Vi har leigd Surnadal Idrettshall, og flyttar arrangementet innandørs om det skulle blir nødvendig.

Du bur på Sunndalsøra, men vi har forstått det slik at du er Stangvikpatriot på din hals?

– Jau, eg er fødd og oppvaksen i Stangvik, men for 25 år sidan baud det seg ein sjanse om jobb på Sunndalsøra i Møremusikarane. Eg søkte, og fekk jobben, og sidan har eg budd på Øra, men dreg på hytta i Stangvik i ferier og når eg har fri elles.

Møremusikarane ja, det måtte då vere draumejobben?

– Absolutt, det er heilt unikt og eg kjenner meg utruleg privilegert. Her har eg hatt gode kollegaer, og eg tykkjer vi har fått utretta mykje. No i år har vi altså halde på i 25 år. Bassisten vår, Audun Skorgen, har varsla at han sluttar, men vi har fått på plass ein god erstattar i Sondre Meisfjord – med røter på Nordmøre og som har takka ja til jobben. Det blir spennande å starte på att saman med han til hausten.

Men før det skal de jubilere – under Eidsvågdagane og oppe i Mardalsfossen?

– Ja, det har vore fantastisk å arbeide saman med Audun i desse åra, og jubileumskonserten under Mardalsfossen 11. august, blir ein fin måte både for oss og publikum å ta farvel med han som Møremusikar. Men vi har forståing for at han ønsker å flytte tilbake til sine røter i Ålesund.

Men for deg begynte det heile med kulturskole i Surnadal under Ola Brøske?

– Eigentleg begynte det med «Bøgdagutan» ved Stangvik skule og seinare i «Piraya». For min musikalske karriere hjelpte det på at det flytta hit ein gut frå Sunndal i femte klasse som torde å stå på scena i Bondehuset i matrosdress og synge solo. Utan venskapen og samarbeidet med Trygve Brøske, trur eg aldri at eg hadde vorte musikar. Det var ein gjeng som gjekk på kulturskolen saman der fleire av oss har kome til å leve av musikken etterpå – som Trygve og eg og Jostein Ansnes. Vi spela saman med Gunnar Jostein Bøe i At Present, og eg har vel aldri sidan opplevd å øve så intenst og alvorleg på noko som då. Tone Søyseth var også i same kullet. Og no sit Trygve nokre få hundre meter frå oss her og skriv musikk. Verda er ikkje så stor.

Så søkte du på stilling i Møremusikarane, og då bar det vel litt i kvar si retning for dykk?

– Ja. Både eg og Trygve søkte oss faktisk til Møremusikarane – og fekk jobb begge to. Eg tok jobben, medan Trygve takka nei og valde å starte på musikkstudier i Trondheim. Det var forresten mor som søkte for meg. Eg hadde vel ikkje så mykje tiltak i den alderen. Men eg er veldig takknemleg for at ho tok den avgjerda for meg, og også overfor Trygve som drog meg med inn i musikken på seriøs basis. Det er som nemnt eit privilegium å ha ein slik jobb. Det ligg mykje arbeid og øving bak kvar opptreden, men eg trur folk kan sjå at eg har det artig når eg er på jobb.