Biletkåsør Bernt Bøe viser kyrkjene våre som kulturhus og kunstgalleri og trekkjer fram delvis ukjende målarar som Rasmus Teilgaard, Lars Drejer, Ole Joensen Kolset og Conrad Valeur. Kven visste at bøfjordingen Kolset var meister for kyrkjekunst såvel  i Bremsnes, Frei, Mo og Halsa som på Helgeland?

Frå Hyldbakk, Halse og Halvdan Koht kjem stoff om dyktige og sæprega nordmørsprestar. Men historia fortel også om maktkamp og pikante episodar.

- Vi hører om kapellanen som etter lovbrot laut forlate Surnadal, men vart prost i Fosen.  Herr Finckenhagen gjorde mykje bra for skulen, men var mindre heldig med andre ting. Om Irgens – «Hær-Johan» - ryktast det at han hadde overnaturlege evner.  Sant og usant, spøk og alvor går hand i hand gjennom programmet.

Til ettermiddagskaffen på museet viser lerretet kyrkjekunst som har fryda og belært rik og fattig ved helg og høgtid. Opp gjennom hundreåra

NRK sender radiogudsteneste frå Ålvundeidet denne søndagen. Da blir altartavla der spesielt interessant: Laga av den dyktige, men omstridde Stangvik-magnaten Rasmus Teilgaard til Christiansunds Kirke i 1725, men kjøpt og heim-rodd til den nybygde Ålvundeid kyrkje 123 år seinare!

- Bøfjorden Historielag inviterer til variert og lettfordøyeleg program. Museet blir «kyrkjebakken» denne søndagen.