Pressemelding frå valkampopninga til Møre og Romsdal SV onsdag:

- Ei norm for lærartettleik er eit nødvendig tiltak mot overfylte klasserom. Det var bodskapen til Borghild Moe, tidlegare lærar og leiar i Utdanningsforbundet, då ho onsdag deltok på valkampopninga til SV på Nordmøre. Ho fekk støtte frå skuleforskar Tarjei Helland, som deltok på video.

- Fleire lærarar er den viktigaste føresetnaden for framtidsskulen, sa han, og snakka varmt om færre elevar pr lærar og  ein ny heilskapleg skuledag.

Om nokre få dagar byrjar mange nye 6-åringar på skulen. Alle har rett til å bli sett, og til å få tilpassa opplæring. Det er ei utfordring i ein kvardag der mange lærarar har klassar med rundt 30 elevar. Eitt av hovedkrava til SV ved evt. regjeringsforhandlingar etter valet er difor innføring av ei lærarnorm med  maks 15 elevar pr lærar frå 1.- 4. trinn og maks 20 fra 5.- 10.

- I tillegg til lærarnorma vil vi ha ein litt lenger og meir variert skuledag enn i dag, seier Yvonne Wold, 1. kandidat for SV til stortingsvalet. Med ei utviding på 1,5 time kan elevane få eit skikkeleg skulemåltid, fysisk aktivitet og dei kan gjere seg ferdig med øvingsarbeidet på skulen. Det vil gje ein betre skuledag for elevane, ein betre arbeidsdag for lærarane og ein betre kvardag for familiane.

Ein god barndom varer heile livet. Derfor meiner SV det er så viktig å prioritere ein god skule for ungane våre.

- Vi må bort frå pugging, testing og måling, og gje lærarane tid og tillit til å gjere denne viktige jobben, seier 1. kandidaten. Høgresida er altfor opptekne av kompetanse. Ein kan vere verdas beste lærar, men det hjelper ikkje når 33 elevar med ulike føresetnader skal følgjast opp i undervisningstimen.

Lærarnorm er eitt av hovedkrava til evt. samarbeidspartar etter valet. Andre krav er profittfri velferd, konkrete klimatiltak, auka barnetrygd for å bekjempe barnefattigdom og forbod mot atomvåpen. -Alle desse krava er viktige i kampen for eit varmare samfunn med mindre forskjellar mellom folk i makt og rikdom, seier Yvonne Wold, som gler seg til å ta plass på Mørebenken.