Nyleg fann dei Norges største gullklump i elva Gisna i Rennebu. – No håpar vi å nærme oss ei stor gullåre, seier Vidar Vassli.

Driva skreiv tidlegare denne månaden om dei 14 gullgravararane som har gått saman om å leige utvinningsrettane i eit område på 40 kvadratkilometer i Gisnadalen, nær grensa mellom Rennebu og Oppdal. I sommar har dei skapt oppsikt både nasjonalt og internasjonalt. Først da Arne Sevaldsen fann ein gullklump på 19,5 gram, som var den største som er funnen i Norge nokon gong. Deretter da Marius Frang knuste den ferske rekorden forrige søndag, med ein gullklump på heile 34,9 gram.

Marius Frang viser fram rekordklumpen.

– Gullverdien for denne eine «nuggeten» er rundt 10.000 kroner, men ein samlar har allereie tilbode meg 100.000. Eg kjem ikkje til å selje uansett. Denne skal eg vise barnebarna mine, flirer den unge gullfinnaren.

Tilhører finnaren

Avtalen mellom gullgravarane er slik at enkeltfunn som denne gullklumpen tilhører finnaren. Skulle dei derimot finne ei gullåre vil verdiane bli delt. Underforstått: Dei er på jakt etter langt større pengar enn det nokre gram gull kan gi.

– Ja, drivkrafta er håpet om at vi skal finne ei stor gullåre i dette området. Da er det eit godt teikn at vi finn stadig større gullklumpar. Så store klumpar som dette er kanskje ikkje frakta så langt frå sjølve kjelda, seier Marius Frang og Vidar Vassli.

Begge har sett av mykje tid til å leite etter gull i sommar. Og leitinga er hardt og kaldt arbeid. Dei skiftar på å kle seg i våtdrakt og dykke ned i den vesle, grunne elva med ein kraftig slamsugar, som sender sand, grus og småstein opp i ei mekanisk vaskerenne. Gull har størst eigenvekt av alle grunnstoff, nesten 20 gonger tyngre enn vatn, og samlar seg i botnen av renna.

Har dusinet fullt

Nokre gonger får dei også auge på gullklumpar på elvebotnen under dykkinga. Det var det som skjedde da Marius Frang fann rekordklumpen. Og det er ikkje det første funnet hans. Marius samlar på alle gullklumpane som er over eit gram, og har dusinet fullt i eit skrin. I tillegg har han smelta ein liten gullbarre av mindre klumpar.

Det er funne gull mange plassar i Norge, blant anna i Eikesdalen og i Oppdal. Men berre i nokre få tilfelle har konsentrasjonen av gullet vore stor nok til at det er starta kommersiell utvinning i stor skala, og ingen av desse gruvene har vore lønnsame over lang tid. No håpar Vidar Vassli, Marius Frang og dei andre gullgravarane i Gisnadalen å skrive norsk historie.