Surnadal JFF har ein stor finger med i spelet når det gjeld rekruttering av nye jegerar. 100 av dei 320 medlemmane er ungdommar, og talet på kvinnelege jegerar er også aukande. Leiar i Surnadal JFF, Bård Andreassen, konstaterer at foreininga var størst i Møre og Romsdal ved årsskiftet med heile 320 medlemmar.

Han gler seg ekstra over at rundt 100 av desse er barne- og ungdomsmedlemmar der foreininga gjer ein viktig jobb med rekrutteringa til sunne og spennande fritidsaktivitetar.

– Eit aktivt ungdomsutval leia av Mons Otnes gjer nok sitt her, saman med nestleiar Kjell Ulf Lund og svært aktive ungdomsrepresentantar i Tor Fredrik Mikkelsen, Mikael Holten og Ådne Næss Aune, meiner Andreassen.

I det heile teke rosar han ivrige og dyktige utvalsleiarar, blant andre Magnar Strand som leiar for jaktskyttarutvalet.

Der er det høg aktivitet gjennom heile året med trening to kveldar i veka i sommarhalvåret og ein kveld i veka med innandørsskyting om vinteren.

Andreassen peiker på gode anlegg for jaktskyting på Angråmyra skytebane som bidreg til den høge aktiviteten.

Her viser han også til mange aktive konkurranseskyttarar der Tonje Fuglås Kvendbø og junior Mikael Holten har utmerka seg i toppen av resultatlistene – både på nasjonalt og nordisk nivå.

Han trekkjer også fram leiar i kvinneutvalet, Turid Sættem Eggen. I fjor var halvparten av dei som tok jegerprøven i Surnadal kvinner, medan kvinneandelen i år var ein tredel.

Rundt 20 prosent av medlemmane i Surnadal JFF er kvinner – og ein andel som er i auke.

Tidlegare i år fekk kvinneutvalet i oppdrag å vere vertskap for ei jegersamling med kvinnelege jegerar frå heile fylket.

Med eit breitt program både på jaktskyting, fiske og kajakkpadling, vart det ei populær og vellykka samling.

– Vi er utan tvil eit aktivt lag, og aktivitetskalenderen viser at vi har hatt rundt 80 ulike aktivitetar dei to siste sesongane, seier han.

Han konstaterer at aktivitetane er endå høgare på jegersida enn på fiskarsida.

Likevel er Surnadal JFF kanskje mest kjend for sitt fiskearrangement på Glønavatnet i samband med Norsk Laksefestival.

Denne sesongen har dei òg vore medarrangør på Camp Villaks der ungdommar har fått prøve seg på laksefiske.

– Vi ser vel eit ansvar her for å bidra meir til rekrutteringa på laksefisket, seier han.

I motsetnad til Jeger- og fiskarforeiningar andre stader med større lakseelver, har ikkje Surnadal JFF noko laksevald i si lokale lakseelv.

– Eg trur kanskje dette har noko med den gode tilgangen for folk flest til å skaffe seg fiskekort med mulegheit til å fiske i Surna. Vi kunne gjerne hatt eit laksevald med tanke på å rekruttere meir ungdom til elvefisket, meiner han.

Då er det nok høgare aktivitet på fiske i fjellvatna, og Andreassen peiker på at mange av dei som driv jakt om hausten, også nyttar eit rikt høve til fiske etter fjellaure gjennom sommaren.

Fiskeutvalet er også aktivt med Gøran Bolme som leiar.

Han har fleire hattar på i den samanhengen, og er blant anna prosjektleiar for utfiskingsprosjektet på Nordmarka.

Fisking med småmaska garn for å få ned «overbefolkninga» i vatna samt med ruser for å få ned talet på ørekyt er viktige element her. Etter kvart håper ein å kunne få gode og attraktive fisketilhøve med god storleik på fisken med desse tiltaka.

Men i desse dagar er det sjølvsagt haustjakta som i høg grad opptek medlemmane i Surnadal JFF.

Ragnar Halle er leiar i viltnemnda og sjølvsagt framleis medlem i Surnadal JFF. Han opplyser at Surnadal har vorte samla til eitt storvald på storvilt med utarbeidde driftsplanar for kvart jaktlag.

– Med dette er storviltjakta meir grunneigarstyrt enn tidlegare, seier Halle.

Han konstaterer elles at Surnadal har ein kraftig og stor hjortebestand – der ein kanskje hadde tolt enno større kvotar.

Kommunen har også ein stabil elgbestand, og han minner om at elgjakta begynner først 25. september over heile landet i år. Dei siste åra har elgjakta her i distriktet vore oppstarta samtidig med hjortejakta, men det er det altså endring på i år.

Hjortejakta startar 1. september som ho har gjort dei siste åra.

Fleire jaktlag har vorte samde om å frede storoksane etter ein viss dato for å sikre ein enno meir robust elgstamme.

– Elles har vi etter kvart fått ein strukturert og god ettersøksring med 8–10 mann med godkjente ettersøkshundar, påpeiker Halle.

Det er ikkje berre i jakta ein har bruk for ettersøkshundar, med tanke på at ein i år har hatt over 60 varsla viltpåkøyrslar i Surnadal.

Halle minner om at bilførarane har plikt til å varsle når dei køyrer på vilt, og understrekar at å la vere å varsle kan medføre tap av eigenandel i forsikringsoppgjeret.

Han konstaterer at det er god rekruttering på storviltjakta, og gler seg over at rundt halvparten av dei som tok jegerprøven i fjor var kvinner.

– Det viser seg mange stader i landet at mange av kvinnene som har teke jegerprøven , ikkje har tilgang på jaktterreng. I Surnadal opplyser dei aller fleste at dei har mulegheit til å utøve jakt etter avlagt jegerprøve – heldigvis, seier han.

Når det gjeld småviltjakta, viser han til leiar i hundeutvalet, Odd Arne Vikavoll, som også har gjennomført taksering av rypebestanden.

Han varslar om stadvis store kull, og stort sett eit normalår på rype – i likheit med fjoråret.

– Det plar gjerne vere slik at rypebestanden aukar i smågnagarår. No har vi ikkje hatt slike utprega smågnagarår dei siste åra, men dette er også noko som kan slå begge vegar. I smågnagarår har jo predatorane rik tilgang på mat, noko som gjer at dei får fram større kvalpekull. Då må dette nødvendigvis medføre auka mengde med rovvilt til neste år når det ikkje er så mykje smågnagarar å leve av lenger. Dette vil gå utover bestandane av rype og skogsfugl att, meiner Halle.

Surnadal JFF har også hatt tiltak for å halde talet på predatorar nede , blant anna med predatorkonkurranse med ulik poengsum for ulike artar av predatorar.

Åtejakt på rev viser seg å vere populært blant unge jegerar, og JFF har fleire åteplassar rundt om i bygda.

– I samband med dette, har vi òg arrangert kurs i pelsing av rev leia av Arne O Sæter. God behandling av skinnet gjev sjølvsagt høgare pris. Når det er sagt, ser vi framleis at reveskabben herjar, noko som gjer det ekstra påkravd å få ned bestanden på raudrev, seier Bård Andreassen.

Surnadal JFF har avtale med Gudmund Kårvatn om forvaltning av 100.000 dekar med rypeterreng og 20 fjellvatn.

På rypeterrenget sel dei 30 årskort – fortrinnsvis til lagets eigne medlemmar.

– Av desse tildeler vi ein god del gratis jaktkort for juniorar fram til fylte 25 år – eit kjempetilbod som også bidreg til god rekruttering, seier Ragnar Halle.

Laget har same tilbod på fiskekort til juniormedlemmar.

– Mykje av dette er finansiert med støtte frå gode sponsorar i lokalt næringsliv, fortel han.

Laget forvaltar også småviltjakta på den kommunale eigedommen på Vaulen – rundt 7.000 dekar med skogsfugl- og rypeterreng.

– Då kan det vere greitt å ha skaffa seg jaktkort både for austre- og vestre Nordmarka i tillegg, seier Halle.

Magne Lillegård