– Skuledebattar er noko av det verste eg har vore med på som politikar. Ut over underhaldningsverdien er eg usikker på kva verdi skuledebattane har, seier stortingsrepresentant Jenny Klinge (Sp) til NRK.

Over heile landet går det føre seg no heftige debattar i regi av dei vidaregåande skulane framfor stortingsvalet. Debattane skal gje førstegongsveljarane eit grunnlag for å kunne ta stilling til kva dei skal stemme 11. september.

Eg hevdar meg godt i store, vanskelege debattar både på radio og TV, lokalt så vel som nasjonalt. Men akkurat skuledebattane er svært vanskelege. Og eg veit det er mange som føler det slik. Desse debattane er ofte både ustrukturerte og useriøse, seier Klinge.

Også stortingsrepresentant Else-May Botten åtvarar mot at skuledebattane skal vere for sterkt prega av teknikkar for å fange merksemd og for lite av politikk.

– Det blir mykje innøvd retorikk. Skuledebattar er svært krevjande og dei er ikkje alltid like seriøse.

Botten vonar at elevane klarer å sjå gjennom showet og retorikken og at elevane på eiga hand både googlar og elles går til kjeldene for å finne ut kva parti dei skal stemme på.

– Valkampen må ikkje bli ein standupshow. Det ville i så fall vere respektlaust overfor veljarane.

Les meir hos NRK.