Presseskriv:

Surnadal kulturhus kjem no til å starte opp med månadlege onsdagstreff, eit tilbod tenkt til den eldre garde.

«Onsdagstreffa» er mest med tanke på dei som har tid, eller helst vil, oppleve noko på dagtid – og innhaldet vil variere med alt frå foredrag, til kino og levande kultur.

Samværet er uansett viktigast, så difor blir alle treffa avslutta med kaffe og noko attåt (innrekna i billetten).

For å kome i gang allereie i september, tyr kulturhuset til ein av sommarens store filmar; nemleg krigseposet «Dunkirk» – som skildrar den paniske flukta til rundt 400.000 britar og andre frå Dunkerque og over til England våren 1940.

Hadde ikkje engelskmennene mobilsert den gongen, ville det vore katastrofalt for soldatane og krigen ville kanskje fått eit anna utfall. Er du i det heile litt interessert i 2. verdskrig, er «Dunkirk» vel verdt å sjå!

Filmen blir vist på dagtid førstkomande onsdag.

«Onsdagstreffa» er tilbod gjennom «Den kulturelle spaserstokken»; ei nasjonal satsing som har som mål å tilby kultur av høg kvalitet til eldre.