Senterpartiets  Jenny Klinge må følge opptellinga heime fra sofaen på Nordvik. Som alle dei andre toppkandidatane hadde ho planlagt å vere på NRKs valvake i Ålesund i kveld. Det vart det ikkje noko av. Måndag ettermiddag la Klinge ut ei melding på Facebook der ho fortel at ho har pådratt seg ein kraftig lyskestrekk utan heilt å forstå korleis.

"Dette hindrar meg i å reise heimefrå og til valvake i Ålesund i kveld, Men eg førehandsstemte på fredag - takk og pris.

Til Driva seier Klinge at ho ikkje heilt skjønar kvifor ho kom i denne situasjonen.

- Eg er klar over at eg beynner å dra på åra, men saka er den at eg gjekk barbeint på plena og stakk med på ein tistel. Eg har tydelegvis fått ein strekk då piggen vart teken ut. No humpar eg rundt og har vondt får å reise meg.

Nokre minutt før valgdagsprognosen er klar seier Klinge at ho naturleg nok er svært spent på valresultatet.

- Det er stor forskjell på om vi blir ein eller to frå Sp på Mørebenken.  Eg er vidare veldig spent på om vi kjem i regjering, seier Klinge.