I haust har dei bortimot 5000 år gamle helleristningane på Bugge vorte dynka med sprit. Spriten skal bidra til at fjellteikningane frå steinalderen skal bli meir synlege.

Det er Vitenskapsmuseet NTNU i Trondheim, Møre og Romsdal fylkeskommune, Riksantikvaren og Nesset kommune som står bak det omfattande prosjektet som skal gjere helleristningane meir synlege for folk flest. Arkeolog Heidrun Stebergløkken fortel at helleristningane er delvis overgrodde av algevekst og mose. Dette ønskjer dei å få vekk for slik å gje felta på Bugge betre formidlingsverdi.

Her nyttar det ikkje å bruke barkespade eller andre kvasse gjenstandar for å skrape vekk mosen. Stebergløkken fortel at felta blir dynka i etanol. 30 liter er gått med. Deretter blir felta dekt med ei matte som gjer at spriten ikkje dunstar vekk. Felta skal ligge tildekka til våren. Når matta blir tatt vekk, skal felta dynkast med vatn før vegetasjonen blir kosta vekk med ei mjuk børste. Da har også berget fått ei lysare farge som gjer at figurane er lettare å sjå. Den same behandling må truleg gjerast på nytt neste haust for å få eit best mogleg resultat. Dette er ein metode som har gjeve gode resultat på andre felt, mellom anna i Nord-Trøndelag.

Riper i berget

Under arbeidet på felta kom arkeologane har funne riper på berget. Truleg er det folk med sykkelsko med piggar under som har ført til å berget har vorte oppskrapa.

– Dette likar vi dårleg. Det er flott at folk ønskjer å sjå bergkunsten, men ein kan ikke trø på sjølve bergflata. All bergkunst er beskytta av kulturminneloven. Dette er det også opplyst på skilt ved feltet. Når folk likevel har gått på berget skuldast nok det at figurane har vore vanskelege å sjå. Dette blir enklare nå når vi har behandla felta, seier Stebergløkken.

Det er planar om å bygge ein platting eller fylle på med masse framfor figurane slik at folk kan komme nærare utan å gå på berget. Prosjektet på Bugge er finansiert av riksantikvaren.

Bra besøkt

Kulturleiar Turid L. Øverås i Nesset seier kommunen ikkje har kontroll på kor mange som besøker helleristningane i løpet av sommarhalvåret, men ho har inntrykk av at det er jamt bra med besøk.

– Vi har ei gjestebok der mange skriv seg inn. Mellom desse er det mange utlendingar. Dei kjem med mange gode tilbakemeldingar, men vi har og fått tilbakemeldingar på at figurane er vanskeleg å sjå. Dette har vi forventningar til skal bli betre. Til neste år har vi planar og også å betre skiltinga ned til helleristningane, seier Øverås.