Åsskard Bygdekvinnelag er ein kulturinstitusjon i bygda. Dei sette også flott standard denne dagen. Markens grøde, lauv og bær gjorde kyrkjerommet fargerikt. Innhaldet i den gamle Mikkjelsmess-tradisjonen kom tydeleg fram.

Engasjerer

Orkdalsprest og  valsøyfjording Kristin Strand forretta. Ho engasjerer gjerne  både konfirmantar og dåpsfamilie i sjølve liturgien og gjer gudstenesta til fellesskap. Presentasjonen av dei inviterte 50-årskonfirmantane – gjennom samtale med jubilant Margunn Baatvik -  var eit  sjarmerande innslag.

2018-konfirmantane deltok med ymse tenesteoppgåver – mellom anna som kyrkjevertar og dåpsassistentar.

Ei gruppe frå koret P17 gjorde salmesongen harmonisk og kraftfull. Dei framførte «Led meg, Gud» av  Wesley som preludium og Berthiers «Syng lovsong» til utgang.

Konfirmantjubileum

Etter gudstenesta var Åsskard sokneråd vertskap da 50-årskonfirmantane møttest til middag og hyggestund på grendahuset Kveldheim. Her var gjensynsgleda stor, og episodar av mange slag frå skule og ungdomstid sat laust. Blant dei som tok ordet og friska opp minne til felles fornøyelse, var Margunn Baatvik og Bjarne Settemsdal.

Eit flott trefat med måleri av Åsskard-kyrkje – laga av Sigrun Hesjehagen – var hovudgevinsten i utlodninga. Lykkeleg vinnar vart Jan Magne Holten.

Tekst/foto: Bernt G. Bøe.